Tirsdag hadde Lars Johan - Lasse - Sæbønes nok ein gong samla med seg eit mannskap for å prøve å få heim dei to siste lamma frå Kvamsedalen.  Han hadde m.a. fått med seg Rasmus Mo - få er vel betre kjent enn han i denne dalen - og han hadde fått med seg saue- og hundemannen Odd Bjarne Bjørdal.  Odd Bjarne stilte denne gongen både med Sandra og Turte.  Lasse var optimist, han hadde også med seg tilhengar til å frakte heim lamma frå parkeringsplassen i Kvistaddalen med.  Odd Bjarne var også optimist.  Han konstaterte at ei hyggeleg kvinne var med i mannskapet...

Sist fredag hadde Lasse og co fått lamma frå Kvamsedalen/Kjerringkjeftane og heim på Kvamsedalsfjellet, men der måtte dei sleppe dei att.

IMGP0706 (Large)

Fredag var lamma i dette området.  Kva med i dag?

Den offisielle sauesankardagen var i år den 15. september.  I løpet av denne dagen kom også dei fleste sauene og lamma heim, men nokre dyr vil alltid gå att.  Det er gjerne desse dyra som det vert mest tid på å finne- og ikkje minst få heim.  Ekstra vanskeleg vert det å få heim lam som vert gåande att åleine.  Diverre skjer det av og til at ein vaksen sau kreperer av ein eller annan grunn.  Og dermed går gjerne lamma att åleine.  Det er altså to slike lam vi var på jakt etter denne dagen.  Turen gjekk ned i Kvamsedalen, opp att på Kvamsedalsfjellet og heim over Tua og ned Langhorndalen.

IMGP0718 (Large)

To damer - Anja Gjerløw Holen og Sandra.

IMGP0715 (Large)

... og sjølvsagt Turte.IMGP0721 (Large)

Frode Gjerløw Holen og Rasmus Mo - og Turte.

Dei to lamma var denne dagen ikkje å sjå.  Først og fremst Rasmus og Lasse saumfor dei aktuelle områda med kikert, men borte var og er dei.  Det er sjølvsagt verst for saueeigaren når dyr ikkje vert funne, men det vart likevel ein flott dag for oss andre.

IMGP0727 (Large)

Lasse beordrar kaffipause.

No skal ikkje vi påstå at Odd Bjarne - som altså skulle ha ansvaret for å få lamma heim om vi fann dei - etter kvart kom med eit direkte frieri til Anja, men ingen skal påstå at han ikkje prøvde - med eit glimt i auget.  Anja forstod nok  etter kvart at Odd Bjarne både er jeger og ungkar.  Ja, etter kvart skulle ho også få sitje i framsetet på den nye bilen hans og ho skulle få inspisere godset  i Bjørdalen.

IMGP0728 (Large) 

Kombinasjonen damer og sauesanking er god, meiner Odd Bjarne.

IMGP0736 (Large)

... Og dama heiter Anja.

Etter matykta gjekk turen vidare oppover mot Tuva og ned i Lanhorndalen.  Håpet var at lamma skulle ha teke denne vegen sidan fredag, men nei, ingen lam var å sjå.

IMGP0731 (Large)

Kunne lamma ha gått opp mot Tuva? Eller...

IMGP0735 (Large)

....hadde dei gått ned att i Kvamsedalen?  Det er Trollvatnet som er nærast.

IMGP0738 (Large)

Rasmus må berre konstatere at ingen lam er å sjå - heller ikkje i Langhorndalen.

Vi måtte altså berre reise heim med uforretta sak, men kva som skjedde med Herr Bjørdal skal vere usagt.  I alle høve vart han så inspirert at han same kveld tok med seg børsa si og skaut ein hjort.  Det vart i alle høve fangst på det området...

Lasse har altså to lam att i dette nemnde området.  Underteikna har truleg også to lam på Årsetsida i Kvistaddalen.  Sist vart desse to lamma sett i Koppen på motsett side av Kvistadsetra.  Dersom nokon skulle sjå lam i dette området - eller i området innover  mot Kvamsedalen - ver så snill å ta kontakt med Lasse eller underteikna.  I går - onsdag - var eg ein tur opp i Trolldalen, der lamma truleg gjekk i lag med mora i somamr, men ingen lam var å sjå.

mobil bilder 048

Onsdag var det full vinter i Trolldalen.  Vatnet bak underteikna er også islagt.

Og så quizen:  Namnet på fjellet under.

IMGP0712 (Large)

No vart det visst feil...

IMGP0712 (Large)

Slik skal det vel vere.

IMGP0713 (Large)

Langhornet, ja, og Klovtinden bak til høgre.