IMG_8130
Laga helsar på kvarandre! 

IMG_8119
Trenar Roger er klar men kvar er dommaren??
Dommaren dukka ikkje opp men Rune Standal var sporty å kasta seg i bilen og kampen kunne starte eit kvarter for seint.

Kampen starta med tre raske mål til Å/Ø/S ved Malene. Jentene viste mykje fint spel og fortsatte å presse utan at det vart mål av det heilt til det stod att ti min. av første omgang. Då sovna dei litt og Bud hadde nokre sjansar som ikkje gav resultat.

DSCN2995
Else Marie og Malene trur på siger!

I andre omgang gikk jentene rett i angrep og etter ca. ti minutt sende Sunniva ballen i nettet og jentene leda 4-0. Etter dette vart det ei periode med mykje springing og lite spel før Bud sende ballen i mål og reduserte til 4-1. Ti minutt før slutt var det Maren sin tur å skåre og ho fastsette sluttresultatet til 5-1!

IMG_8135
Premieutdeling!

Alle spelarane på begge laga fekk statuettar og vinnarlaget fekk pokal!


DSCN3032
Glade jenter med premiar! Vi er beste laget i J14 sjuarfotball i heile fylket! 

Bak f.v. Malene, Kristine, Sunniva, Bente, Ingeborg, Hilde og Grethe.
Framme f.v. Maren, Emilie, Ragnhild og Ingeborg. Else Marie fremst. ( Mari, Solveig, Dothea og
Simone var ikkje tilstades).