Sæbø og Norborg har ikkje møttest så veldig ofte opp gjennom historia, sidan 1980 berre tre sesongar: 1982, 1983 og 1994. I tillegg ein kvalifiseringskamp for å halde plassen i 6. divisjon i 1992. Vi har samla litt statistikk frå kampane mot Norborg:

6. mai 1982, seriekamp 5. divisjon
Sæbø - Norborg 0-1 (0-1) Mål: Jon Tellefsen

2. Seriekamp for året. Ein dårleg 1. omgang av Sæbø. Norborg skåra tidleg mens Sæbø dominerte banespelet og pressa på utan uttelling. Norborg spelte ein taktisk god kamp. Karl Asgeir Sæbønes i forsvaret vart kåra til Sæbøs beste.


5. august 1982, seriekamp 5. divisjon
Norborg - Sæbø 1-2 (0-0) Mål Sæbø; Johan Hjellen og Torleif Håndlykken. Mål Norborg; Hans Magnar Engeseth.

Ein jamn og fartsfylt kamp med stort tempo. Det vart vist imponerande friskt spel i den sterke varmen. Kuriositet: Øyvind Grim Ose hadde meldt overgong frå Ørsta og trudde han var speleklar, men papira frå forbundet var ikkje klarerte.


2. juni 1983, seriekamp 5. divisjon
Norborg - Sæbø 1-3 (1-2), Mål Sæbø; Lasse Sæbønes 2, Tor Nordang 1. Mål Norborg; Bjørn Grytten (straffe)

”Sæbø best i motvinden. Vann 3-1” Sterk vind, dårleg bane og vanskelege speleforhold var det som møtte laga i Søvika. Sæbø pressa heimelaget i store delar av kampen og Norborg-veteranen Per Skotte vart i lange perioder liggjande på eigen femmeter. På Sæbø fekk den unge keeperen Rolf Egil Riise godord i lokalpressa med karakteristikkar som sterk reaksjonsevne, solid feltarbeid og rask igangsetting av spelet. Pluss også til Ole Petter Myklebust i denne kampen. 


25 august 1983, seriekamp 5. divisjon
Sæbø - Norborg 2-1 (0-1), Mål Sæbø; Audun Lyshagen og Ole Petter Myklebust. Mål Norborg; Ove Tennfjord.

Norborg tok tidleg leiinga. Sæbø dominerte fullstendig etter det. Andreas Årseth dirigerte forsvaret med stor stil.

Møre Nytt:
"Tor Nordang vart skada 10 minutt ut i 2. omg, og inn kom 17 år gamle Alf Ole Aarseth. Han sette seg skikkeleg i respekt i løpet av kampen og var mellom Sæbøs beste"


1992. Kvalifiseringskamp for å behalde plassen i 6. divisjon
Norborg – Sæbø 4-1 (2-0) Mål Sæbø: Kjell-Johan Aarseth.

Møre Nytt: ”Sæbø spolerte sjansar i fleng mot Norborg. Resultatet gjev eit skeivt bilete av kampen. Sæbø hadde ballen mest, men Norborg viste seg som eit sterkt kontringslag og vann kampen på det.

Tydeligvis frustrasjon som resulterte i holet i garderobedøra…



29. mai 1994, seriekamp 6. divisjon
Norborg – Sæbø 2-1 (0-0) Mål Sæbø: Rolf Egil Riise (straffe)

”Tafatt Sæbø tapte 1-2 for Norborg”  Norborg påførte Sæbø det første serietapet for sesongen og det første tapet i obligatorisk kamp på eitt år.


September 1994, seriekamp 6. divisjon
Sæbø-Norborg 8-0 (3-0) Mål: Svein Ove Walseth 4, Normann Dimmen 2, Jørund Walseth, Bjørn Ove Strand.

”Sæbø baud på målshow mot Norborg”. Sæbø opna i stort tempo og leia 2-0 allereie etter 4 minuttar. Då utbraut ein Norborg-forsvarar: ”No må vi skjerpe oss elles vert dette pinleg”.

Svein Ove Walseth vart dagens mann på Sæbø med 4 mål og eit målgjevande. Elles ein god kamp av Odd Rune Walseth og av Rolf Egil Riise i mål. Han står svært sikkert, og plukkar det som kjem av ballar mot mål.

Superveteran
Superduperveteran Rolf Egil Riise har spelt ei sentral rolle i kampane mot Norborg sidan tidleg 80-tal. Kan sonen Marius spele hovudrolla i KM-finalen laurdag?

Giganten
Svein Ove Walseth var med og sikra KM tittel for Sæbø i 1994. I 8-0 kampen mot Norborg var han som Erik Bye, ein gigant.

Matchvinnaren
Stig Harald Myklebust vart matchvinnar i første KM-kampen. Rutina hans er god å ha når Sæbø skal prøve å sikre seg sin niande KM-tittel.

KM titlar til Sæbø:
1969 – 7. divisjon
1973 – 6. divisjon
1979 – 6. divisjon
1980 – 5. divisjon
1988 – 6. divisjon
1993 – 7. divisjon
1994 – 6. divisjon
1996 – 5. divisjon

KM titlar til Norborg:
1980 – 6. divisjon
1996 – 6. divisjon
2002 – 5. divisjon

Sæbø er grossist når det gjeld KM-titlar, og det er berre å håpe at laget no kan sikre seg den niande KM-tittelen i historia og den første på 11 år. Utgangspunktet er bra etter 2-1 sigeren i første KM-kamp. Verdt å merke seg er at Sæbø og Norborg begge tok KM titlar både i 1980 og 1996. I 2002 då Norborg feira meisterskapet i 5. Divisjon, spelte også Sæbø KM-kamp i divisjonen under, men måtte sjå seg slått av Sunnylven over to kampar. Laurdag har det talentfulle mannskapet til Jan Kjetil Holen sjansen til å rette opp KM-tapet for fem år sidan.

Lykke til!