Som kanskje mange har hørt er eg for tida utenlands å studerar, nærmare bestemt i Cabarete  som ligg på nordkysten av den Dominkanske Republikk. Her skal eg ta eit halvtårsstudium i idrett og friluftsliv, eit tilbod som høgskulen i Alta har. Vi har no kome godt i gang med oktober og eg er snart halvvegs i studiet. Heime går det vell mot kaldare tider, medan her blir det varmare dei nærmaste månadane. I den forbindelse tenkte eg at det kunne vere greit å sende ei varm helsing og fortelle litt om kva som skjer her borte.

Som ein del av ei bachelorgrad i idrett har eg valgt å ta eit halvt år her borte. Dette for å reise og oppleve nye stadar, samtidig som ein studerar. Studiet er svært praktisk og til no kan eg telle antal timar med klasseromsundervisning på ei hand! Men det seier seg sjølv at for å lære eskimorulle i kayakk eller å surfe så må ein gjere dette praktisk og ikkje inne i eit klasserom! I tilegg til surfing og kayakk kan eg nemne strandfotball, beachvolleyball, baseball og svømming som nokre emna vi skal ha undervisning i. Studiet blir avslutta med ein skriftleg og ein muntleg eksamen i månadsskifte november/desember.

Til no har eg kun positive ting å seie om den Dominkanske Republikk. Frodig natur, uendeleg lange sandstrender, blått hav, god mat og gode temperaturar. Den lokale befolkninga her er hovudsakeleg av spansk avstamming, medan nokre av fransk. Ein har tydelege klasseskilje der nokre lev eit svært godt liv, medan andre kvar dag må kjempe for å få endane til å møtast. Men på trass av ulike levekåra opptrer dei fleste på ein hyggelege og imøtekomande måte.

Som ein konklusjon kan eg absolutt anbefale folk å reise hit. Anten på ferie eller for å studere! Det einaste som kanskje er minuset er at det er svært dyrt med flybilettar hit. Men dersom ein kjem over billetar til ein rimelig pris er det berre å hive seg avgarde! Ein vil ikkje angre...