IMG_1109

Eiksund-general Knut Nærø (t.v.), Jarle Myklebust frå Bjørke og Yngve Magnussen frå Austefjorden applauderer for Kvivsvegen på det improviserte jubelmøtet fredag.

 

Det står berre ei setning om Kvivsvegen i statsbudsjettet, men det er til gjengjeld den viktigaste setninga som nokon gong har stått om prosjektet. Så snart Stortinget har godkjent Kvivsvegen som eit bompengeprosjekt, vert det klarlagt til byggjestart.

Statens Vegvesen har alt starta planlegginga, og Oddbjørn Pladsen, som no er prosjektleiar for Eiksundsambandet, hoppar rett over som prosjektleiar for Kvivsvegen. Han fortel til Møre-Nytt at det vert byggjestart hausten 2008.

 

IMG_1086

Tidlegare ordførar og noverande styremedlem i Kvivsvegen AS, Nils Taklo, hadde ein god dag fredag som mangeårig forkjempar for Kvivsvegen. Her saman med ordførar Gudny FAgerhol og stortingsrepresentant Svein Gjelseth (Ap). Bak til høgre noverande Kvivsveg-general, Svein Sunde. 

Kvivsvegen er kostnadsrekna til om lag 900 milionar kroner, og omfattar ei vegstrekning frå Geitvika i Austefjorden til Grodås i Hornindal kommune. Det skal byggjast tre tunnelar, der Kvivstunnelen frå Kalvatn til Grodås er den lengste. Kvivsvegen vert ein del kyststamvegen, E 39.

For indre delar av Hjørundfjorden vil Kvivsvegen gje ein heilt ny kvardag. Frå Bjørke til Stryn vil det ikkje ta meir enn halvtimen, og det opnar seg dermed ein heilt ny arbeidskmarknad. Dessutan vil Storfjorden verte mykje meir tilgjengeleg i reiselivssamanheng.

 

Det er fyldig dekning av saka i Møre-Nytt si laurdagsutgåve, 6. oktober 2007. 

 

IMG_1092

Styreleiar Svein Sunde i Kvivsvegen AS, Ola Perry Saure og politisk rådgjevar Erik Lahnstein i samferdselsdepartementet ser noko alvorlege ut, men dei diskuterer berre den vidare framdrifta for Kvivsvegen, som får byggjestart hausten 2008.