Hotell Sagafjord 17.mai
Hotell Sagafjord 17.mai 2007

Samlinga startar fredag 26. okt. på Hotell Sagafjord kl.10.30 med innsjekking. 21 bydemobliserara kjem frå Eikesdal, Gjøra, Åram, Hellesylt, Meisingset og Kvisvik. 12 forlesarane kjem frå Førde, Molde, Ålesund, Eikefjord, Balestrand, Oslo og våre to jenter frå Sæbø. Ialt vert her 33 stk.

kl. 11.00 er det bygdemobliseringa vår, som guidar gjestane på fjorden, med Hjørundfjorden sin skyssbåt  i ein time. Kor langt vi rekk er alt etter kor fort båten skal gå, men vi håper dei får sjå det meste, men ein velukka tur er avhengi av godt ver. bjarneorsta
Etter fjordturen er det lunsj før vi begynner på sjølve programmet. Fyrst vil leiaren vår på fylket,  fylkesagronom Eivind Ryste gå igjennom status for satsinga av bygdemobliseringane.  (Bilete t.h.Eivind Ryste)

Tema videre på fredag ettermiddag er bl.a:

  • Vi har gjesteforlesar som vil svare på spørsmål: Kva vil regjeringa med den nasjonale småsamfunnsatsinga? v/ Halvard Lægreid, Kommunal og Regionaldepartementet.
  •  15 år med bygdemobilisering i Sogn og Fjordane. Kva har vi oppnådd, og kva har vi lært? v/ førstekonsulent Oddveig Birkeland,  Fylkesmannen i Sogn og Fjordane                               
  •  Folk frå Eikefjord får det til! Kva gjorde bygdeutviklingsprogrammet med bygda vår? v/ Per Øyvind Sørbø, tidlegare leiar i Eikefjord grendalag
  •  Korleis kan bygdene betre utnytte ressursar i natur og kulturarv? v/ Eli-Grete Høyvik, leiar i konsulentfirmaet Interplan (www.interplan.no)
  • Presentasjon av dei tre nye BM-bygdene: Hellesylt, Eidså og Gjøra v/ prosjektdeltakarane.
  •  Etter ein pause går turen kl.19.00 med buss frå hotellet til Rekkedal Gjestehus. Her vert det omvisning og middag. Buss tilbake til Sagafjord kl.23.00

    
På laurdagen starter vi kl.9.00:

  • Kva er Ungt Entreprenørskap? v/rådgjevar Kirsten Aure, Møre og Romsdal fylke (www.ue.no)
  •  Korleis er det å vekse opp i ei bygd som Sæbø? v/Tonje Urkegjerde og Tiril Holen, ungdom frå  Hjørundfjorden
  • Pause
  • Frivilleg arbeid og kommunal sektor – korleis får vitil eit godt samarbeid v/prosjektleiar Synnøve Valle, KS og Møre og Romsdal fylke
  • Kort gruppearbeid: Evaluering av samlinga og forventningar til oppfølging av prosjekta
  • Rundtur i Sæbø sentrum: Fysiske resultat av arbeidet med bygdemobilisering v/Hjørundfjorden bygdemoblisering
  • 1200: Lunsj og heimreise

Bjarne og Margrethe
Bjarne og Margrethe på Rekkedal Gjestehus

Som programmet viser så vert det middag på Rekkedal gjestehus på fredagskvelden. Margrethe og Bjarne vil yte sitt aller beste for at det skal verte ein fin kveld. Overnatting og servering ellers skjer på Hotell Sagafjord.

På laudag vil Bygdemobliseringa presentere vår aller beste kort for ei framtid i bygda, nemeleg to ungdommar. Tiril og Tonje vil kome med synspunkt kva som må til for at dei sjølve og dei andre som er unge i dag skal busette seg her i framtida og kva dei saknar i dag. Til slutt vil dei kome med ris eller ros til bygdemobliseringa og kva dei meiner vi skal gjere annaleis.

Tiril og Tonje 17.mai 07
Tiril Holen og Tonje Urkegjerde under ungdomstalen 17.mai

Det er ikkje heilt tilfeldigt at desse to jentene kom i søkelyset når vi skulle finne på eit innslag. Tiril og Tonje heldt ungdomstalen, 17.mai i år på Sæbø, og framførte sitt bodskap på ein ungdommeleg måte, til ei lydhør forsamling. Du kan lese samandraget på portalen her.

Bygdemobliseringa har vore i kontakt med rektor på skulen vår, der jentene går 10.klassa. Rektor Oddny Flugekvam synest dette var kjekt og ville ta kontakt med hovudlærar på måndag. Dersom Johs Halland var einige så kunne dette temaet  som desse to jentene skal snakke om, drøftast på skulen denne veka, ilag med andre ungdommar.

Før gjestane reiser herifrå vil vi vise fram den nye hamna som er komen og den store flotte nye promenaden som har vorte bygd av massa frå hamna. Det har skjedd mykje på Sæbø dette siste året og det er resultatet av at alle har vore positive og teke eit tak, og vi meiner at bygdemobliseringa har lukkast her. Ellers så er vi stolte over gangvegen på elvarampa som er ferdig frå Hustad til Rise. Frå Rise til Kvistadbrua ventar vi på Ørsta kommune med byggeløyve, eller om vi treng byggeløyve, før vi kan starte

Dersom det er nokon som er særs interessert i eit eller annan tema som skal forlesast om, så kan bygdemobliseringa kontakte Eivind om det kan la seg gjere for folk å kome inn og høyre på.

Ivar Svein Mo, leiar.