Øyvind Krøvel Øyvind Krøvel

Det vil vere for gale om ikkje vi hjørundfjordingane får med oss komikaren Øyvind Krøvel si framstilling av ferjemannen Kjell -"Kjellen"- Bigset. Opptaket er delveis gjort på ferja "Nørvøy" og ved ferjekaia på Leknes, resten ser ut til å vere fra Festøya og Rjåneset.

Ørstingen/voldingen Øyvind Krøvel vert omtala som ein artig komikar som har laga ei rekkje småfilmar. Mange av dei er lagt ut på YouTube.

Kjell -"Kjellen"- Bigset er ferjemannen som skal ta over som formann på Kleklypefabrikken på Digernes. Dette klippet er frå siste dagen på jobben som billettør/matros på ferja.. Her er linken:

http://www.youtube.com/watch?v=IqHK57GgcuQ

For at ingen skal tru at "Kjellen" er typisk for mannskap ombord i "Nørvøy", tenkte eg det vil vere greit å legge inn biletet av "Fjord Øye" for å skaffe fram den rette ramma!

Fjord Øye

"Fjord Øye" ved Lekneset med Skår i bakgrunnen.

Eg har høyrt om ein replikk frå ei ferjekai der orda fall slik: "Ikkje kjøyr ombord før ej seie kjøyr - kjøyr!"

Dette får meg til å tenkje på ei historie frå Urke, gjengitt i Kjell Rønning m.fl. si slektsbok "Fem slekter frå Hjørundfjord"-1995 s. 46:

"Men det var også mange soger - ikkje minst om "Nes-Fredrik", Fredrik O.F.Urke, som var bas over gardkarane då Urke-karane hadde eigne fiskebåtar "Per Sivle" og seinare "Peer Gynt". Dette var motorbåtar, men dei sigla når vinden var lagleg.  Ein gong bles det hardt og han Nes-Fredrik såg at han Olaus ville til å reve fokka.  Då sette basen i: "Ikkje la fokkå gå før ej seie fokkå la gå ....(kort pause)...Fokkå la gå!".

Eg skal ikkje antyde direkte slektsliner mellom Nes-Fredrik og "Kjellen" Bigset, men...

Nyt det seks minutta !!  Hugs - for all del - at typen "Kjellen" Bigset kan vi finne alle stader og er ikkje meint som ei fornærming mot ferjemannen!