Ei kvar bygd med respekt for seg sjølv bør ha si eiga statue. I denne artikkelen tek eg opp Sæbø sin statue, ikkje Hjørundfjorden. Kan hende er interessene og historia så forskjellig at Øye, Trandal, Urke, Skåre, Standal og Bjørke har heilt andre identitetar. For Sæbø sin del meiner eg laksefisket i elva er ein identitet.

 

Eg er heilt open for andre idear enn min, men eg vil argumentere for ein statue av villaksfiskaren på enden av moloen ved elva.

 

Kvifor?

 

Jau, gjennom fleire tiår har Bondalselva vore den viktigaste ressuren i reiselivet for Sæbø.  Det har kome fiskarar frå heile landet, og frå store delar av Europa. Dei har hatt eit mål for auget, nemleg å fiske den store laksen.

Vidare står villaksfisket for noko reint. Det er miljøpolitikk på sitt beste å hauste ressursen der det gjer minst skade på bestanden. Dessverre har villaksen fått sine knekk gjennom drivgarns- og krokgarnsfiske. Dessverre er eg ein syndar når det gjeld det siste.

 

Å kjempe for villaksen vil verte ei vinnarsak. Oppdrettsnæringa er no på ein balansegang når det gjeld ei framtid. Enno har ikkje næringa greidd å svare for det fornuftige i å bruke fem matfiskar for å få opp ein oppdrettsfisk.

Difor er det både historisk og miljømessig rett å setje opp ein statue av villaksfiskaren på Sæbø. Det er vår identitet. Det er annleis og originalt.

Andre synspunkt?