I Møre-Nytt les vi at listeaksjonar er i gang på Vartdal og i Ørsta.  Vi veit frå tidlegare at slike listeaksjonar tidlegare har vore særs vellukka på Vartdal.  Når vi no veit om at det er ein slik aksjon også i Ørsta er det ingen veg utanom – vi må ha ein slik listeaskjon også her i Hjørundfjorden. 

Desse personane må vi sikre slik at dei kjem inn i Ørsta kommunestyre:

 Bodil Skare                          (Ap)

Ola Perry Saure                    (Sp)

Cecilie Rørstad                     (Sp)

Knut Åmås                             (KrF)

Unn Frøland                           (Sp)

Steinar Nordang                    (Sp) 

Dei nemnde kandidatane er villige-  og ynskjer  å kome inn i kommunestyret.  Dei har synt seg å vere gode til  å få fram meiningane sine i debattar og i media og ikkje minst bur dei på ulike stadar i Hjørundfjorden.

 

For å få inn desse personane, må dei kumulerast  (set eit kryss på røystesetelen i ruta framom namnet deira), eller skriv opp namna til  desse personane  bak på røystesetelen du brukar.  Dermed vil dei få ei ekstra røyst – såkalla ”slengjarar”.

 

No må sjølvsagt veljarane i Hjørundfjorden få røyste/stemme på det partiet dei vil, men: Det er størst sjanse til å få inn representantar frå Hjørundfjorden dersom du brukar ei av desse listene:  Det norske Arbeidarparti, Senterpartiet eller Kristeleg Folkeparti.

 

Framgangsmåte:

 

Brukar du Arbeidarpartiet si liste set du eit kryss i firkanten framom namnet til Bodil Skare.  Så snur du lista og skriv opp namnet til Ola Perry Saure, Knut Åmås, Unn Frøland, Cecilie Rørstad og Steinar Nordang.

 

Brukar du Kristeleg Folkeparti si liste set du kryss i firkanten framom namnet til Knut Åmås.  Så snur du lista og fører opp namnet til Ola Perry Saure, Unn Frøland, Bodil Skare, Cecilie Rørstad og Steinar Nordang.

 

Brukar du Senterpartiet si liste set du kryss i firkantane framom namna til Ola Perry Saure, Unn Frøland og Cecilie Rørstad.  Så snur du lista og fører opp namna til Bodil Skare, Knut Åmås og  Steinar Nordang.

  

Brukar du ei av dei andre listene (Venstre, FrP,  Høgre eller SV) er det svært viktig at du snur denne lista og fører opp namna til Unn Frøland, Cecilie Rørstad, Ola Perry Saure, Knut Åmås,  Bodil Skare og Steinar Nordang før du legg røystesetelen i stemmeurna..

 

Kanskje er det for nokre eit sakn at Asgeir Standal ikkje står på denne lista, men han er allereie prioritert på FrP-lista til Vartdal.

 

Ta gjerne ein kopi av denne lista og del den ut til røysteføre slektningar og vener (enno er ikkje alle brukarar av Hjørundfjordportalen)  Ta så lista  med inn i avlukket i vallokalet som hugselapp.  Så kumulerer du den/dei aktuelle kandidatane,  snur så lista og skriv opp namna  på dei andre kandidatane på baksida av den vallista/røystesetelen du brukar.  

Sjølvsagt kan du også ta med ei ferdig utfyllt liste til vallokalet.  Det er svært viktig at akkurat desse seks kandidatane vert kumulert eller ført opp på baksida av vallista om denne aksjonen skal verte vellukka.  Vert fleire personar ført opp, vil denne aksjonen verte utvatna/svekt.

 

NB:  Det er ikkje lenger lov til å stryke kandidatar.  Listene vert ikkje kasta sjølv om du stryk ein kandidat, men det har inga hensikt.  Det vert ikkje teke omsyn til at kandidatar er strokne frå listene under oppteljinga av røystene.

 

Bruk røysteretten.  Godt val.

Ein liten presentasjon av dei ulike kandidatane:

Ola Perre Saure (Sp):   Er fødd i 1960.  Bur i Skjåstaddalen der han er bonde.Veteran i kommunestyresamanheng.  Er i dag varaordførar i Ørsta kommune og er Senterpartiet sin ordførarkandidat. 

Bodil Skare (Ap):  Er fødd i 1965.  Bur på Rise i Bondalen.  Arbeider på "Hjørundfjordheimen".  Har fire år bak seg i kommunestyret.  Har gjort ein flott jobb, viser att og har gode emner til samarbeid med dei fleste.

Knut Åmås (KrF):  Er fødd i 1952.  Bur på Sæbø.  Han er sjef på den kjære og gode "Hjørundfjordheimen" vår.  Han har gjort  godt arbeid på fleire områder, ikkje minst for Speidarane på Sæbø.

Unn Frøland (Sp):  Fødd i 1976, er fødd og oppvaksen på Frøland i Bondalen.  . Er i dag førskulelærar, men er også utdanna som agronom.  Bur i dag i Follestaddalen (Men seier ho skal tilbake til Bondalen så snart som råd).  Det er ei fryd å sjå kor uredd ho er og ho kastar seg inn i debattar - ikkje minst her på Hjørundfjordportalen.  Viser ei god evne til å få gjennom saker.

Cecilie Rørstad (SP):  Fødd i 1979.  Bur på Bjørke.  Student ved Høgskulen i Volda og bonde.  Ho er i dag leiar i Bjørke grendalag og medlem i styringsgruppa i Hjørundfjorden bygdemobilisering.  Er,  saman med m.a. Oddhild Saure Bogen (som også står på Sp si kommunevalliste), ein av dei personane som må takkast for at det straks vert tunnel mellom Bjørke og Leira.

Steinar Nordang (SP):  Fødd i 1942.  Bur på Nordang i Norangsdalen.  Bonde, pelsdyroppdrettar og slakteriarbeidar.  Veteran, også i kommunestyresamanheng.  Denne mannen har gjennom åra hatt ei rekkje med tillitsverv, m.a. innan pelsdyrnæringa.  Denne mannen kan å debattere.  Den som har høyrt ein diskusjon mellom han og Ola Stenvågnes, tidlegare medarbeider i NRK Møre og Romsdal, gløymer det ikkje.

Alle desse seks kandidatane vil heilt sikkert representere Hjørundfjorden på eins vært god måte i Ørsta kommunestyre og også om så i Ørsta formannskap.  Vi kan knapt få eit betre lag.