Gardemoen
Etter ei heller lang natt på nattbussen med lite søvn, var vi klare for innsjekking på Gardemoen.

DSCN2853
Ragnhild hadde ordna med guide til oss noko som var veldig nyttig. Her saman med Igor, (han snakka norsk..), som guida oss gjennom gamlebyen.
Her framfor den Russisk-ortodokse kirka, ho var like imponerande inni som utanpå.


DSCN2860
Nedrebyen sett frå eit utsiktspunkt i Øvrebyen. Gamlebyen var oppdelt i to, øvrebyen og nedrebyen.

 

 DSCN2922
Utsikt frå tårnet på St. Olavs kirka. Vi gjekk 286 trappetrinn for å kome opp! Øvrebyen ser vi bak til høgre oppå ein mur.

DSCN2915
Her mot havna. Fergene kom i jevn straum frå Sverige og Finnland. Spesielt i helgane er der mange skandinavar.


DSCN2919
Mot den meir moderne delen av byen. Der fann vi det meste som fins i ein moderne storby, som varehus og hotell. Prisane var omlag som i Norge  på klede og sko.

DSCN2881
Ragnhild på utkikk etter finesko. Ikkje eit einaste par fann ho!!
Hælane var nesten 20 cm høge på dei fleste..

DSCN2878
På markedet sel kvinnene rimelege strikkaplagg. Lin er også veldig billeg her. Mange av oss fekk eit akutt behov for ny linduk..
Vel verdt eit besøk.

hue 
Til vinteren vil vi sjå mange Bondalingar i slike huer! Praktiske, kombinert hue og sjal.

søstre
Blide søstre på vei til SPA behandling. Alle som har vore i Tallinn før anbefalte oss å gå på SPA. Billeg og bra både for kropp og sjel. Anbefalast!

DSCN2932
Pengeforvirring etter ei felles resturantregning. 1 krone = ca. 2 kroon og alt var i sedlar. Men etter litt att og fram og gode råd til Ragnhild vart det rett!
For ca. 100 norske kroner fekk vi ein flott middag på resturant. Drikke kom itillegg og var også
billeg.

heimvig
På flyplassen i Tallinn. Koffertane var betydeleg tyngre no ann då vi reiste..
Det einaste vi kunne klage på var veret, men etter å hå fått visst kva ver så var  heime ombestemte vi oss.. Nokre regnbyger og litt vind kunne vi tåle!
Turen er absolutt  å anbefale!