Krydderkaka med sjokoladeglasur fell alltid i smak hos ungane, og dei et til det er tomt. Den gjekk unna på skulekorps (Dalane/ Sæbø) mandag. Dei hadde vore så flinke på søndag, at dei fekk kake på øving. Kanskje dette kan vere til glede og nytte for einkvan? Ingen passande kategori for mat. Veit ikkje om eller kvar på portalen det passar å legge ut noko slikt, så eg turde ikkje gjere det. Eplekaka har eg laga no i kveld, av mellom anna Gravenstein frå Hovdebygda. Fekk såvidt plukka nokre epler mellom regnbygene. No blir dei veldig glade på korpset på Bjørke i morgon kveld, og pausen blir sikkert altfor lang, som vanleg. Vaniljesaus??? Jepp:) Men det e fredag berre ein gong i veka!

 

God eplekake

4 egg
300 g. sukker
300 g. kveitemjøl
300 g.meierismør
1 stor ts. bakepulver
1 stor ts. vaniljesukker
epler i småbitar etter behov
kanel og sukker

Epler

Rør egg og sukker kvitt.
Tilsett kveitemjøl, bakepulver, vaniljesukker og smelta smør.
Rull eplebitane i kanel og sukker.
Strø litt kanel og sukker opp på kaka, før den skal i omnen.

Steik kaka i langpanne med bakepapir v/ 200 grader i ca. 30 min (litt meir).
 
Epler grein K.Hustad 2007

 


Krydderkaka med sjokoladeglasur fell alltid i smak:

 

Krydderkake 

150 g. meierismør

8 dl. surmelk (kulturmelk)

5 dl. sukker

3 ts. kanel

1 ts. malt nellik

1 ts. malt muskat

1 ss. natron

1 liter kveitemjøl

  

Smelt smøret og bland i mjølka. Rør inn resten av ingrediensane.

 

Steik kaka i stor langpanne v/ 200 grader.

Vekt målebeger

Glasur:

100 g. meierismør

200 g. melis

1 ss. kakao

1-2 ss. sterk kaffi

1 ts. Vaniljesukker

 

God helg
Ann-Helen S.