Espen

Espen Frøland opna skåringsballet i slaget i Hjørungavåg. Han klinka inn eit skot frå tretti meter, og var også banens beste saman med Terje Haugen Øye.

Kampen gjekk utruleg nok på gras i Hjørungavåg. Bana var svært regntung, og det var mykje overflatevatn. Det skulle vise seg å verte ein føremon for Sæbø.

- Ja, det vart det. Før i år når vi har leia mykje, har spelarane byrja å føre ball, og vil gjere det åleine. No tillet ikkje baneforholda dette, og vi spelte ball i nitti minutt. Det gjorde at vi vann 11-0, fortel trenar Jan Kjetil Holen.

Han meiner kampen vart den beste Sæbø har spelt så langt i år. Laget dominerte frå start til slutt, og spesielt var flanskespelet godt.

Måla kom ved Terje Haugen Øye (5), Espen Frøland, Yngve Frøland, Bjørn Egil Espenakk, Marius Riise (2) og eit sjølvmål etter corner. Det var 4-0 til pause.

Espenakk skåra forresten på straffespark. Han vart sjølv felt, og på den gjørmete bana medførte det at han vart heilsvart og klissblaut. Vanlegvis skal Stig Harald Myklebust ta straffesparka for Sæbø, men no synest dei andre så synd på Espenakk at han fekk ta straffa sjølv.

Den siste heimekampen for sesongen, og der Sæbø kan setje all teori til sides, er mot Moltustranda laurdag 6. oktober. Med siger der er Sæbø garantert opprykk. Uansett har laget sikra seg minst kvalifiseringsplass.

Marius Riise

Marius Riise fornektar seg ikkje. To nye mål for Sæbø-spissen.

Vi avsluttar med to quizar, men der fasiten ikkje er heilt kjend.

1) Terje Haugen Øye skåra fem mål. Kven andre Sæbø-spelarar har skåra fem mål i ein og same kamp i moderne tid.

2) Er 11-0 den største bortesigeren Sæbø har teke i seniorsamanheng?

Tabell 6. divisjon finn du på linken under. Hyggjeleg lesnad:

http://idrett.speaker.no/07/ResultatService.aspx?0=2&1=Fotball&2=Norge&3=2007%20-%202007&4=281522&5=&6=&7=&8==