MN-bilde 017

Marius Riise (t.v.) og Espen Frøland pustar ut etter endt ykt. Marius skåra eit mål, medan Espen var sjef på midtbana.

 

Sæbø kom i føringa tidleg. Etter ti minutt fekk Sæbø hjørnespark. Ballen vart slått inn i feltet, og stussa til Terje Stokke som frå skrått hald klinka ballen på direkten i mål.

Utover i omgangen dominerte Sæbø totalt. Gjestene hadde knapt ein sjanse. Sæbø på si side fekk nokre feite mulegheiter. KAi Arne Skår vil nok tenkje lenge på sjansen han fekk midtveges i omgangen. På heilt ope mål, frå ein halv meters hald,s skaut han utanfor.

Terje Holen var også nær. Han dribla seg forbi det som var på ekte Maradona-vis, og hadde berre målvakta att. Skotet gjekk på målvakta.

Rett før pause auka Sæbø til 2-0. Då kom Marius Riise åleine igjennom, og hn skaut ballen knallhardt forbi målvakta.

Andre omgang var fem minutt gammal då Bjørn Egil Espenakk laga 3-0. Målet kom etter ei fin opprulling på venstresida.

Lars Urke laga 4-0 etter eit kvarter, då han sprang inn ballen i ope mål etter at Sæbø spelte Gjerdsvika fullstendig ut.

Utover i omgangen vart det fleire store feite sjansar, men ingen mål. Ved nokre av tilfella var det mest ei skandale at det ikkje vart mål. Når det er tre Sæbø-spelarar åleine med keeper, skal ikkje den som har det vanskelegaste skothaldet skyte. Då skal ballen leggjast til ein som er i betre posisjon. Det gav då også assistenttrenar Ole Sunde klar melding om til syndebukkane. Fotball er lagidrett, ikkje ein egotripp.

 

Uansett, Sæbø tok tre viktige poeng i opprykkskampen, og har sett press på dei andre laga som vil vere med og kjempe om oprykk.