Det har kome over to meter, nærare bestemt 2022,5 mm,  med nedbør på Hustad til no i år.  Normalen for eit heilt år er på 2040 mm, opplyser Meterologisk institutt til hjorundfjord.no.

Vil dette seie at no slepp vi meir nedbør i år, vêrobservatør Anne Hustad?

- Det er no lov å håpe, men eg tvilar...

Har det regna like mykje til no i september som vi trur?

- Ja, her på Hustad har det kome 423,7 mm regn til no, men det er framleis nokre dagar att av månaden, så kanskje vi får meir enn eit av rekordåra.

Og rekorden i september er på?

- I 1997 kom det i alle høve 484,7 mm med regn i september.

Men juni var tørr, stemmer ikkje det?

- Jau, i juni kom det berre 27 mm.  Det er omlag like mykje som det kom i løpet av sist natt.

Anne Kristin Hustad 004 (Large)

Anne har tømt mange liter ut av målebegeret til no i år.

Av ulike årsaker har det vore dårleg med vêrstatistikk her på Hjørundfjordportalen i det siste.  Vi tek difor no med fleire månadar.  Tala som står i parantes syner kva som er normalen for den månaden.  Månadsnormalane er elles rekna ut for perioden 1961 - 1990.

Mai:                122,4 mm   (76)

Juni:                 27,0 mm   (88)

Juli:                 139,4 mm  (109)

August:            237,3 mm  (130)

Og til no i år har det som nemnt kome 2022,5 mm.  Årsnormalen er på 2040 mm.

Det er mange som er interessert i vêr og verstatistikk.  På denne sida kan du finne mykje godt vêrstoff: http://www.yr.no/stad/Noreg/Møre_og_Romsdal/Ørsta/Sæbø/