I Norge er det mange fine kulturhus.
La oss håpe at vi også får ha dei framtida.
Signala som kjem litt etter litt kan tyde på at kulturhusa skal få eit løft.
Eg trur at politikerene etter kvart ser sammenhengen mellom trivsel/helse og gode kulturopplevinger.
Skal vi lage gode kulturopplevinger så må vi også ha gode
kulturhus som er oppdaterte etter dagens normer.
Laga som driv desse husa bruker nå alt for mykje av tida si til å sanke inn penger for å klare drifta av husa.
Vi ønsker å bruke meir av tida vår på å lage gode kulturtilbod og aktiviteter i husa.

Gode kulturhus som innheld gode kulturtilbod er også viktig for busetninga på bygdene.

Noregs Ungdomslag skriv dette:

Noreg treng frivillig kultur – frivillig kultur treng hus!

9. september blir den norske kulturminnedagen feira som ein del av European Heritage Days. I år er det forsamlingshus, ungdomshus og bedehus som står i sentrum under tittelen ”Til glede og bry”. Husa som nesten utan unntak er blitt reiste på dugnad og er eigde av organisasjonar og lag, blir ivaretekne av eldsjeler og er opne for alle.- Lokallaga i Noregs Ungdomslag er eigarar eller deleigarar i over 300 lokale kulturhus over heile landet, fortel Hallvard Ellingsberg, nestleiar i Noregs Ungdomslag.

Han meiner det er svært viktig å peike på den store aktiviteten i husa i tillegg til å markere sjølve bygga. – Dette er lokale kulturhus der frivillige lag og foreiningar gir barn og unge eit mangfald av aktivitetstilbod. Husa som rommar aktiviteten representerer ein base, ein kontinuitet og ei trygging for det lokale kulturlivet, hevdar han. Ellingsberg ser med undring på fråværet av fokus nettopp på dei eksisterande lokale kulturhusa i debattar om nye kulturbygg rundt i landet. Han meiner ein i større grad burde evne å sjå ressursen som ligg i eksisterande miljø.
– Det vert påpeikt i Stortingsmelding nr.39 om frivilligheit at det er naudsynt med tilrettelagde møteplassar for at kulturlivet skal kunne utvikle seg. Lokalt kulturliv er avhengig av lokale kulturhus. Satsing på store regionale kulturbygg kan ikkje brukast som argument for dei små lokale. Dei fyller kvar si rolle, seier nestleiaren i Noregs Ungdomslag vidare. - All erfaring syner at husa fører til større stabilitet i aktivitetane, noko som er svært viktig for levande lokalmiljø, fortel han.  

 

- Laga våre arbeider for å gjere lokalsamfunna våre betre gjennom meiningsfulle kulturaktivitetar både for barn og vaksne. Vi meiner at alle barn og unge treng eit kulturtilbod der dei bur og at dei frivillige organisasjonane representerer eit stort uforløyst potensiale i den lokale kulturpolitikken. Det er ingen grunn til at det lokale ”kulturlaget” skal spele ei mindre rolle for barn og unges opplæring i kultur, enn det idrettslaget gjer for grunnopplæringa i idrett. Satsing på det frivillige gir meir for pengane, seier Ellingsberg. - I tillegg er det svært viktig at tilskotsordningar til bygging og ombygging av ungdomshus er med å stimulere til dugnad, lokalt engasjement og samarbeid mellom næringsliv, kulturliv og organisasjonsliv, seier nestleiaren.

 

- På mandag er det mange som kjem til å gå til det lokale ungdomshuset for å stemme. Ein må heller ikkje gløyme at det er svært mange lokalpolitikarar, ordførarar og stortingrepresentantar som har fått si fyrste opplæring i kultur og demokrati på ungdomshuset. Husa er ein arena der det har vore lett å sleppe til, anten du har hatt eit ynske om å bli spelemann, skodespelar eller statsminister. Husa er derfor svært viktige for demokratiet i Noreg, avsluttar Ellingsberg.