IMG_4482

Mandag 17. og tirsdag 18. kjem spelarar og foreldre rundt til alle husstandar på Urke, Øye, Bondalen og Sæbø rundt og ber om tomflasker.
Dette har vorte viktigaste inntektskilda til handballgruppa og fordi klubbkassa er ganske skrapa ser vi oss nødde til å ha ei flaskeinnsamling no i starten av sesongen. Vi må kjøpe nye ballar og diverse anna nødvendig utstyr. 

Dei fleste laga våre er no i gang med trening for årets sesong. Vi har med spelarar i dei fleste aldersgruppene og syns det er flott at også gutane satsar på handballen! 
Vi håpar på ein like fin sesong som i fjor og satsar på at alle som har lyst til å spele handball skal få eit godt tilbud i den aldersklassa dei høyrer til!
Vi vil også starte treninga for dei yngste i gymsalen på Sæbø i løpet av september/oktober,
dei eldste trenar i Ørstahallen.

Dersom nokon er bortreist desse dagane kan flaskene settast på trappa merka med handball og vi tek dei med.
Spørsmål? Kontakt Ingvild Åmbakk på tlf. 90631014.

Vi takkar bygdefolket for tidlegare støtte og håpar på like godt resultat denne gangen!

På forhand  takk!