Prøve 2 001 (Large)

Gjestebod på Kvistad?

Motivet over, som eg fann på veg inn Kvistaddalen, gjev grunnlag for spekulasjonar.  Jau, det er nok ein spisestovestol vi ser.  Og ser vi litt betre etter, er stolsetet polstra også. Og kva med bordet - der to rundballar er bordbeina?  Og kva har det vore i den blå kanna?  Snakkar vi om....?  Nei, vi nemner ikkje namnet.  Steinen på bordplata er vel til pynt, må vi tru.

Nei, dette er nok grunnlause spekulasjonar.  Mest truleg snakkar vi om ein jaktpost av den litt sjeldne sorten, men det hadde no vore kjekt å få vite kva kanna vert brukt til.

På Kvistad har dei forresten ein annan særmerkt jaktposts også, jfr. foto under.  Denne jaktposten er plassert - som svært mange har fått med seg -  rett innanfor parkeringsplassen i Kvistaddalen.

IMGP0188 (Large)

Liggande jakthytte.

No kan ein ikkje vere så brei for å kome seg på plass her.  Heller ikkje kan ein vere for trøtt - i alle høve ikkje om ein skal unngå å somne.  Men jaktposten virkar sikkert godt den.

IMGP0190 (Large)

Vegg-til-vegg-teppe er på plass.

Men uansett - denne jakthytta er nok litt utsett for gjennomtrekk. Eller har ein tenkt på ei løysing på det problemet også?

IMGP0197 (Large)

Jakthytte av den meir ordinære modellen.  Men Dagros gjer nok klokt i å flytte seg litt når kvelden nærmar seg.