sommar august 2007 030 

Her ser vi ivrig fiskar. Borghild Urkegjerde i aksjon. Me var på leit etter litt makrell på vegen tilbake frå Bjørke. Men det var lite å sjå og dårleg med napp denne dagen. Borghild meinte det ikkje var beste fisketida.                  

sommar august 2007 031               

Oddfrid set stor pris på turar både på sjø og land. I det milde og fine veret kunne ho også vere med fram på båten og nyte den vakre fjorden vår. 

sommar august 2007 038  

Endeleg eit napp og fast fisk utanfor Skaar. Ikkje storfisk, men ein fin liten makrell vart teken godt hand om. Elisabet Dimmen er her i aksjon saman med Knut Åmås. Bertha Rørstad og andre pensjonærar ser at alt går vel.

sommar august 2007 056  

 Endeleg god vermelding og me slo til med tur til Nornagsdalen og den nyopp-pussa Villa Norangdal. 10 pensjonærar og 3 hjelparar fekk ein kjempetur i strålande ver. (tysdag for ca 2 veker sidan) Innover fjorden og dalen tok me det roleg og såg på kjende stadar for dei fleste. Ved Union på Øye kunne Kristianne fortelje at der hadde ho arbeidd i mange år. Og inne i dalen hadde ho sætra. Men no kunne ho ikkje tenkje seg overnatting på sætra meir.

sommar august 2007 045 

Inne på det gamle hotellet var nesten alt fornya. Og det lukta framleis nytt av dei lakka golva i gang og storstove. I den lyse og fine storstova var det pådekka med kvite dukar, levande lys og blomster. Her ser me Oddfrid, Ella og Kristianne som ventar på eplekake og kaffi.  

sommar august 2007 052  

Signe hadde pynta seg for anlendinga og sette tydeleg pris på den fine oppdekkinga.

sommar august 2007 044 

Nils kunne fortelje at han i unga år hadde gått over fjellet frå Viddal og til Fivelstadhaugen. Og Unni Strandmann var flink til å få han på gli til å fortelje.

Også om ølhandel og slikt som me ikkje tek med her.

Til slutt kika dei sprekaste seg litt rundt i huset og vart imponerte over kor gjennomført fint alt var gjort. Villa Norangdal kan trygt anbefalast for alle som vil oppleve noko spesielt.