Jentene stilte i kveld i heilt nye drakter, himmelblå frå topp til tå, berre skoa og målvakta skilde seg ut, stilig!

Blindheim starta kampen med ei skåring i første minuttet og ÅØS-jentene stod forvirra på bana og lurte på kva som skjedde..
Blindheim fortsette å presse men no hadde forsvaret vakna og etterkvart var det ÅØS som pressa. Pauseresultatet var 2-2 etter ein spennande førsteomgang.

Andre omgang starta med tre raske mål til ÅØS og vi på sidelinja kunne puste ut.
På slutten kom Blindheim tilbake med nokre farlege angrep men ÅØS var svarte igjen og sluttresultatet vart siger 6-3!
Flott jenter!

 nye drakter2
Dei blide jentene bak frå venstre, Grethe, Solveig, Simone, Malene (3mål), Kristine,Hilde, Ingeborg og Bente.
Franne f.v. Emilie, Mari, Maren (2), Ingeborg, Sunniva (1), Ragnhild og Dorthea.
Else Marie fremst.

Emilie & Mari
Emilie og Mari!