Sæbø/Åmdal jentene møtte som avtalt 14.15 og vi venta og venta men ingen motstandarar dukka opp.. Det viste seg at dei hadde teke feil av tida og hadde ikkje reist frå Vanylven eingong!
Etter litt om og men kom vi fram til at kampen skulle gå kl 17.30 og vi kunne reise heim å slappe av, litt traudig for dei som kom frå Øye men dei var like blide!

Så kunne kampen endeleg starte. Ida er ute for sesongen, Malene var forkjøla og tett i halsen og skulle vokte buret, og dei andre skulle berre skåre...
Men det var noko som mangla og til pause låg vi under 2-4!
Vi var glade for at mamma Heidi ikkje var her for nå måtte vi ha mål! Liv Grete fann plassen sin i mål og Malene som spiss og først nå fungerte laget. Sluttresultatet vart 5-5 og vi kunne juble over å vere puljevinnarar!

bronse
Verdens beste fotballjenter ( har lagleiaren bestemt!)  ;) Bak f.v. Rebekka (1 mål), Ida, Torill, Kathrine og Rebekka.
Framme f.v. Elisabeth (1), Else Marie, Malene (3), Liv Grete, Jenny og Tiril.

Jentene spelte i kveld sin dårlegaste kamp for heile sesongen, det er tydeleg at dei er litt "trøytte" av fotballen og slit med småskar og sjukdom + at september er ein tung månad der det for dei fleste er både fotball og handball.
Men vi har hatt ein kjempeflott sesong, vi har vunne 18 kampar, spelt 2 uavgjordt og tapt 3!

Kjempebra!
Som lagleiar er eg veldig kry av dokke, jentene "mine", det er veldig kjekt at de har markert dokke så godt som de har gjordt!
Tredjeplass i vårserien, førsteplass i haustserien + tredjeplass i Norway Cup var berre slik som vi kunne drøyme om.
Likevel vil eg seie at det viktigaste er at de skal ha det kjekt når de spelar, og eg håpar at det er gleda og fellesskapet de vil huske når de eingong i framtida ser tilbake!

Trenar Emile van Embden har gjordt ein flott jobb og lært jentene mykje "fotball" sjølv om han av og til blir frustrert fordi han ikkje "forstår seg på tenåringsjenter", og jentene er like frustrerte for det same...
Eg håpar at alle saman er med vidare til neste år og takkar for ein flott sesong!

Tek med litt bilder frå Norway Cup!

Norwaycup 2007 051
Seiersrop!

seier1
Glade jenter!

Malene, Ida og Else Marie
Etter at bronsen var sikra!

nr.3
Bronsejentene saman med trenar Emile!