Røystene ved kommunevalet i Ørsta er no opptalde og det kan no slåast fast at Arbeidarpartiet og Framstegspartiet har gjort  svært gode val i kommunen.  Ap får no ein kommunestyrerepresentant i tillegg mens Frp får  to  i tillegg. 

Senterpartiet går tilbake med 3,4 % og får ein kommunestyrerepresentant mindre.   Sosialistisk Venstreparti (SV) har gjort eit katastrofalt dårleg val også i Ørsta og får halvert si kommunestyregruppe.  Med dei andre partia er det berre små endringar.Val 2007 10.sept

Frå vallokalet til Sæbø krins.  Foto:  Ivar Svein Mo.

Røystene er ferdig opptalde for Sæbø krins:

Arbeidarpartiet:  68 røyster              23,3 %

Høgre:  8 røyster                                     2,7 %

Senterpartiet: 126 røyster                 43,3 %

Venstre: 1 røyst                                      0,3 %

Kristeleg Folkeparti: 26 røyster         8,9 %

Sosialistisk Venstreparti: 5 røyster:  1,7 %

Framstegspartiet: 57 røyster            19,6 %

Vi ser altså at i bonde- og industriarbeidarbygda Bondalen får eit parti som Frp heile 57 røyster, noko som utgjer 19,6 % av røystene i Sæbø valkrins.