Ørstatreff 27.-29. juli

I år var vérutsiktene heller dårlege og under kveldsete fredag, la vi alternative planar sjølv om www.yr.no viste moderate nedbørsmengder på laurdag. Kveldsete var i år lagt til Lyngvegen 13 hos Ingunn og Hallvard Natvik der det vart servert rakfisk, spekemat med kake og kaffi til avslutning. Laget vart avslutta litt før midnatt for å vere utkvild til dagen etter.

 Laurdag 28. juli

Ved avreise frå Ørsta laurdagsmorgon avtalte vi stopp ved Ville bru der vi kunne sjå inn Kvistaddalen og om salen og kjerringane bortafor var synlege.

Vi såg ingen av dei og alternativ Norangdalen, Hellesylt og Hægstad gard vart lagt fram utan tilslutning. Vi ville heller gå over til Kvamsedalen dersom  skodda ikkje drog seg vekk på tur innover. Ikkje lenge etter parkeringa ved Høgehaugen, måtte regnkleda fram. Stien til Skårasalen vart passert utan å bli verdsett med eit sideblikk ein gong. Vi var no på veg til Kvamsedalen.

Ørsta juli 07 008

Undervegs stoppa vi ved spelmannssteinen og den gamle danseplassen ved Vasstøylen der Kjell Arne var historiefortellar om tidlegare hendingar der.

Ørsta juli 07 010

Vi kika enda ein gong etter Kvistadkjerringane om dei kanskje hadde lyst på ein dans, men dei var ikkje å sjå.

Ørsta juli 07 011

I staden baud vi opp desse to, Gyri og Grete, men Kjell Arne meinte kulturvernlaget måtte rydde vekk einebuskene før det vart dansande.

 

Opp ved fjellvatna var det framleis mykje snø og langs midterste vatnet gikk vi på bredane nær heile vegen.

Ørsta juli 07 018

Før vi gjekk ned i Kvamsedalen tok vi matpause. Regnet auka på og det vart kaldare.  Vi valde såleis å snu, blaute og litt frosne vende vi nasen heimover til dusj og varme – og ikkje minst avslapping før fellesmiddag hos Margrete og Bjarne på Rekkedal.

P7280011

Gruppa let vel om denne middagen og det tilbodet og tunet desse to har skapt. Ikkje minst synst vi det er grunn til å rose utøvd vertskapsrolle.

P7280002

Viser her to bilete frå ”roe ned-stunda” i Ivarstova der vi etter ein velsmakande, treretters middag synst det var fint å slappe av og utveksle minner frå tidlegare turar.

P7280003

Sundag 29. juli

Målet i dag var Hjørundfjordstrendene. Den tidlegare omtalte nettstaden hadde meldt lett yr på Midt-Trandal. Vi førebudde oss såleis på enda ein blaut dag, men i dag viste vèret seg frå ei anna side. Sola titta fram og det var rett godt og varmt heile dagen.

 

Første post var vitjing av geitegarden til Linda og Svein på Stavset.

P7290014

Svein fortalte om garden og geitehaldet

Ørsta juli 07 027

med interesserte tilhøyrarar.

Ørsta juli 07 031

Deretter sessa vi oss ved bordet til Linda og fekk servert røykalaks, speka geitekjøt, potetsalat, flatbrød, kornøl, hyllebærvin og mjød.

Ei svært triveleg stund før vi vart skyssa over til Trandal.

P7290022

Vi gikk først utover til Nes-gardane der vi møtte ein av dei inngifte som villig fortalte oss om Ola-garden og husvedlikehald.

Ørsta juli 07 035

Her ser vi det meste av gjengen med den fråflytta plassen Høydalen i bakgrunnen rett over fjorden.

Ørsta juli 07 037

Her brødrene Røe saman med Oladottir Gyri.

Ørsta juli 07 061

På returen frå Nes vandra vi og innom Rynningen før vi returnerte til rekelunsj på Christian Gaard der Sputnik med følge nett hadde avslutta si helg.

Ørsta juli 07 054

Her ser vi Gunnar GP intervjua av TV Noreg der gruppa vår vart passande staffasje.

 

Merkeleg nok var det mange bilar å sjå i bygda trass i få vegkilometrar. Mellom anna fann vi denne Rollsén.

Ørsta juli 07 049 

Vel å merke så høyrer ikkje denne til i følget vårt, men helst ein meir prominent gjest, kanskje ein skotte – eller var det helst advokat han var.

Frank serverte store og gode reker der vi forsynte oss både to og tre gonger før vi var mette.

P7290030

Utsikta frå Trandal er fantastisk. Her ser ein innover fjorden heilt inn mot Hornindalsrokken og Rokkekjerringa og ut til Molladalstindane med Randers- og Mohnstopp som dei mest synlege.

Ørsta juli 07 047

Tvers over fjorden kneisar Sylvkallen mot Sætretindane med Kolåstinden i bakgrunnen.

 

I firetida avslutta vi lunsjen og tok avskjed med kvarandre. Daniel tok oss over fjorden i to vende til Standal der bilane stod.

 

Dei tilreisande frå Trøndelag, Hedemark og Hordaland let vel om denne helga og kor fantastisk det er langs Hjørundfjorden. Skårasalen vart diverre ikkje med denne gongen, men både han og andre toppar vart lovt vitjing ved eit seinare høve.