Eg skal prøve å svare kort på desse spørsmåla.

Kvar skal grensa gå for oppdrett i Hjørundfjorden?

 Den grensa bør gå ved Festøya !

Vi må ikkje tillate nye oppdrett i fjorden.

Korleis ynskjer partia at Ørsta reiselivslag skal brukast i reklame for Hjørundfjorden?

 Eg trur at dei som driv med turisme bør vere medlemmar i Ørsta reiselivslag, slik at dei kan påverke til at det vert ordna "pakkeløysingar" der Hjørundfjorden vert inkludert på flest mulige måtar også for turistar som kjem til andre reisemål i distriktet.

Ved å vere medlem kan ein stille "krav"  og ha innverknad på si eiga utvikling.

Kva prioritet har den nye reguleringsplanen for prestegardsjorda i Sæbø sentrum?

 Høg prioritet! Eg veit at det ligg føre løysingar med opplysningsvesenets fond som eig grunnen ,så no kan det vere tilstrekkelig med ein forenkla reg plan så er tomtene klare!

Korleis skal næring på Bjørke utviklast (utanom jordbruk)?

 Bjørke har store muligheiter for å få auka merksemd og turisme spesiellt i samband med at Kvivsvegen kjem, det kan vere overnatting, servering, produkjson av td mat,

Skal Sæbønes-feltet få fleire bustader? I så fall, kva vil kommunen subsidiere eit nedbetalt byggjefelt med?

 Der er regulert inn fleire bustadar på sæbønesfeltet, det som må ordnast no er vegen, krysset , vatn og kloakk, men det som er viktig er at vi gjer det å bu i utkantane attraktivt det kan vere billige tomter, men det kan vere andre "lokkemiddel" som reduserte barnehageprisar, gode bumiljø, ol.

Kva veit de om Hjørundfjord bygdemobilisering?

 kort svar? Eit sentralt tiltak for å styrke distrikta til å ta vare på og utvikle busetnad, arbeidsplassar ol. Bevisstgjering av lokale muligheiter og behov.

Korleis sikre skyssbåtdrift på Hjørundfjorden?

 Hjørundfjorden MÅ ha ei god skyssbåtordning, dette må vi som politikarar vere tydlege på ! Det er viktig å dokumentere behovet for behalde og ikkje svekke det tilbudet som er i dag. Skuleskyss, bading, heimesjukepleie ,lege, beredskap ved ras og rasfare, og ikkje minst levering av mjølk frå Stennes vinterhalvåret , samband til veglause grender som Skår og Trandal,Skulle ynskje helse sunnmøre ville vere med på spleiselaget slik at prisen for kommuna gjekk ned, for båten er viktig!

Kva er viktigast? Hytter eller landbruk?

 Landbruket er viktigast , for ein treng fast busetnad, vedlikehald og tilknytning til staden for at grendene skal vere levande.

Korleis skal problemstillinga kring 420 lV-lina angripas?

 Vi i Arbeiderpartiet vil ikkje akseptere ei luftlinje gjennom området her, vi må påverke sentrale makter til å velje kabel dersom lina skal gjennom dette området.

Skal Asgeir Standal få lov til å utvikle Standal åleine?

 Ja , han gjer mykje bra for bygda og området rundt, men det er klart vi som kommunale representantar må verne om lokale behov og det skal vere plass for ulike interesser i ei bygd, slik må vi sjå til at alt skjer i lovelige former så lokale interesser vert tekne vare på.

Kvar skal turistskipkaia for Ørsta liggje?

 Eg trur ikkje det er kvar ei turistskipkai ligg som bestemmer kvar turistskipa vil gå, anløpa er hyppigast i Hjørundfjorden slik vil det fortsette viss vi greier å ta vare på det dei vil sjå og oppleve.

For meg kan den gjerne ligge i Ørsta sentrum, men eg trur ikkje vi treng ei slik kai, bruk pengane på å utvikle distrikta vår i staden.

Til slutt vil eg oppfordre alle dei Hjørundfjordingane som stiller til valg om ei valgsamkome i Sæbø sentrum laurdag 1 september kl 12-15, der folk kan kome med sine saker som dei vil diskutere eller spørsmål og ynskjer!

Ein tverrpolitisk presantasjon av representantane og dei ulike partia, litt uformellt!

Kan og prøve å svare på spørsmål her på portalen!

Godt valg!