Som avsluttning av årets Naturfestival blir det familetur til Tyssedalen og topptur til Bjørkehornet komande søndag.Turen går under navnet "Til Topps med Tussa" og er ein tur for dei fleste.Det vert ein todelt tur der den som ynskjer det, vert med på aktivitetar ved Tyssevatnet og Tussahytta.Her vert det fiskekonkurranse og bading,i regi av Bjørke IL. Det andre alternativet er å verte med til Bjørkehornet som ragar 1430 m.o.h. Dette er ein tung tur,men overkomeleg for folk som ferdast ein del i fjellet. Turen går i ein del vått terreng sjølv i fint ver.Noko sidebratt er det òg.Toppturen krev godt fottøy,ikkje joggesko!

Det vert utdelt premiar frå Tussa til alle som deltek. For meir informasjon og påmelding sjå aktivitestkalendaren eller www.naturfestivalen.no

Vi håpar sjølvsagt at regnet har gitt seg til søndag og satsar på ein flott dag for alle.

Bilde 010

Utsyn frå Bjørkehornet i dag, 3 august klokka 13.00.