Frå vår nabobygd Vartdal, fekk vi melding og bileter om at kongeskipet var på besøk. Det var Alf Kjell Mo som sende hjørundfjordportalen desse bileta. For Vartdalingaen har det vorte ein årleg begivenheit at kongeskipet kjem innom og vitjar bygda, og det er sjølvsagt like stor stas kvar gong. Skipet kom mot kai og vartdalingane var klar over det storfine besøket og hadde møtt opp. På skipet vart det kongeleg sermoni når dei la til kai og dei vernepliktige viste vartdalinga korleis ein skal oppføre seg ombord i eit kongeskip. Etterkvart var det ikkje berre bygdefolket som samla seg for nyheita spreidde seg fort, og fergekøa som kom innover, gjekk tilslutt nedom kaia før den gjekk vidare innover stranda.

kongeskipet 029
Kongeskipet på veg innmot kai. 

kongeskipet 024
Kongeskipet ved kai på Vartdal.

Ja kva er det som får kongeskipet til å kome inn til Vartdal ein gong i året? Det vel det store spørsmålet no, og svaret er todelt kanskje tredelt. Ombord på skipet har dei ein skipsdokter som er frå Vartdal, og det er stor stas når han får sjølvaste kongeskipet til å legge inn til kaia i heimbygde. Bestemora Åsta Vartdal, som er snart 90,  er sjølvsagt stolt når ho får barnebarnet  på besøk med kongeskipet. Ho hadde kongeleg utsikt på verandaen sin, der ho såg skipet kom inn.

Hovudårsaka til besøket er nok at på Vartdal har dei sal av torskefile av ypperste kvalitet, og på kongeskipet er dei vorte klar over dette sidan dei har ein skipsoffiser ombord frå Vartdal.  Som ansvarleg offiser for at kongefamilien og mannskapet skal ha god helse, har han sikkert gitt dei aller beste råda om matinnkjøp. På Vartdal er dei sjølvsagt ikkje i tvil om at det er den sunnmørsvenlige og kvalitetsbeviste dronning Sonja, etter råd frå skipslegen, som har gitt ordren om å skaffe det beste dei kan få av råvare, og dermed var valet enkelt, ein tur innom Vartdal. Men dette er ikkje bekrefta frå noko offisiell hald, så det får stå for vartdalingane si eiga rekning.

På Skipsen på Vartdal var dei klar over leveransen og dei sto klar på kaia og når ei kongeleg overlevering vart gjennomført. Skipet var på veg nordover og etter dei hadde fylt opp fryselageret med fersk sunnmørstorsk så skulle dei til Tromsø.....fiskerihovudstaden i nord!
Dei to timane skipet låg på Vartdal fekk manskapet strekke på beina og det vart joggetur rundt bygda for karane, og dei kvinnelege vernepliktige hadde besøk på idrettsanlegget med fysiske aktivitetar der.


Det er vel ikkje tvil om at dette er stas i bygda, og mange snakker no om at filekartongane må no få ei merking der ein viser resten av verda at ein er hoffleverandør av torsk.