Fleire har hevda at laksefisket i Bondalselva har vore kastastrofalt dårleg denne sesongen.  Dei har sikkert hatt rett, men trøsta får vere at fleire andre lakseelvar har opplevd tilsvarande situasjon.  Men i desse elvane vert det sett i verk tiltak for å bremse/hindre laksefisket, men kva vert gjort i Bondalselva?

For nokre åt tilbake vart det bestemt at laksesesongen i Bondalselva skal vare fram til 1. september.  No i ettertid er det lett å sjå at det var eit feil vedtak.  Problemet er- og har vore at nesten all laksen som går opp i elva vert fiska opp av ivrige fiskarar.  Dermed vert det svært få fiskar som får gyte.  Ein treng ikkje vere professor for å forstå at dette ikkje fører til fleire laksar/pjakkar i elva i seinare sesongar.

Etter mitt personlege synspunkt burde Bondalselva vore stengd for laksefiske allereie 1. august slik som i Ørstaelva.  No har det rett nok - også etter lakseprotokollen ved Hustadbrua - gått opp nokre fiskar etter denne datoen.  Men dei burde ha fått vore i fred i elva til dei skulle gyte.  Heldigvis for laksen har vi hatt ein del nedbør i det siste.  Dermed har elva ikkje fått bli så lita som ho gjerne vert på denne tida av året og laksen vert vanskelegare å oppdage.  Utan tvil er det nokre få laksar att i Bondalselva så difor:  Steng Bondalselva for fiske no.

No vil vel  nokre hevde at ei stenging av Bondalselva no vil føre til mindre besøk av turistar.  Kanskje, men her må ein tenkje lenger framover.  For det første er no turistsesongen nesten over, for det andre er det no berre nokre få veteranfiskarar som er att i elva, men desse er effektive og får med seg mange fiskar/laksar,  om dei får lov.  Og kva med framtidig lakseturisme om vi fiskar opp all gytefisken?

P1010041 (Large)

Jakob Hustad med den første laksen/pjakken sin.

Det er ei fantastisk glede å få sin første pjakk/laks.  Heldigvis har eit par unge fiskarar fått oppleve dette også i år i Bondalselva.  Dersom Bondalselva vert steng for fiske no, vert sjangsane betre for dei unge å få fisk i åra framover.  Utan tvil.

Og om nokon skulle lure:  Dette er mitt personlege synspunkt, men eg veit at mange meiner det same. 

P.s.:  Eg legg ved ein link til saka der det vert opplyst at elva no er stengd for alt anna enn flugefiske.