I nyhendesaka om frist for gjødselspreiing, spør Vibeke Mo korleis det går med gjødselkøyringa i fjorden.  No såg eg i alle høve to bønder med gjødselvogna på slep i går, men svært så blaute markar har nok gjort at fleire av oss ventar på betre-/mindre vått vêr.  Og i dag tørkar det.  Sjå berre på fotoet under.  (Fotoet er mest for dykk som bur andre stadar i landet enn her i Hjørundfjorden)

P1010099 (Large)

Hjørundfjordens ett frå Sæbø fredag 31.8.07.

Ein liten kommentar til fotoet over; - alt på fotoet i framgrunnen er nesten nytt.  Eg tenkjer på skyssbåten M/S "Hjørundfjord" (den er nesten ny her på fjorden), flytebrygga er ny, landgangen er ny, blomsterurna er ny.  I tillegg ser vi så vidt i kaifronten som er laga av Ansgar Kvistad og Gunnar Stokke. 

Når det gjeld det med den nye kaia og flytebrygga, vonar eg at de kommunepolitikarar legg merke til kor mykje ein har fått ut av dei ca. kr. 500.000,- som vart løyvd til Sæbø sist vinter.  No kjem snart eit nytt budsjettår.  Kanskje kan  Sæbø få siste halvparten av pengane tettstaden vart lova den gongen reguleringsplanen vart vedteken?  Kva seier du Bodil Skare og Ola Perry Saure?

For skientusiastar legg eg også ved eit foto av Grøttdalstinden som vart teke for to dagar sidan.

P1010094 (Large)

Snart kan vi igjen køyre på ski ned frå Grøttdalstinden....