Astrid og Martin Haugen fekk begge føle at den ikkje var til å spøke med. Molteturen til Astrid enda med ein tur til legen etter at kua stanga henne  overende.

Martin fekk minst same behandling då han skulle hjelpe sonen, Knut Inge med å møte kyrne inn på den inngjerda parkeringsplassen ved Rognestøylen. Knut Inge hadde heldigvis ein stav som han dengde henne med. Elles er det ikkje godt å seie korleis det hadde enda.

Knut Inge såg at det  var blå øyremerke, og nummeret var 646. Det var ingen tvil lenger, kua var mi!

Det var berre å satse på å få henne i hus, fortast råd.

Dagen etter var det avstad med kuvogna. Askjell og Anne Hustad, Helga og eg med kvar sin bjørkalurk. Einar Slettedal møtte med skistav.

Kua var ikkje god. Ho oppførte seg unaturleg, og gjekk til angrep på Helga, som slo frå seg med kjeppen. Det hjelpte.

Den einaste ho hadde respekt for var underteikna, som har mjølka henne i to år.

Sur har ho alltid vore når  eg skulle tørke av henne, men aldri problem under mjølking.

Vi dreiv  dei mot  fangekvia, og temmeleg snart var ho komen opp i vogna. Og vi fekk på henne grime, og vi kunne pusta letta ut. Alle var uskada!

DSC00038

Her er beistet på plass. Einar, Anne, Helga og Askjell pustar letta ut!DSC00036

Her har alvoret gått opp for ku nr 646, ....lin. Namnet egnar seg ikkje på trykk. Men ho trekte seg unna når  eg ropte det  til henne.

DSC00039

Her har ho komen på bås, altfor tidleg, då ho ikkje skal kalve før i slutten på oktober.

Det vert nok å "ta av henne kalven", og så endar  ho  nok som pølser. Helst ostegrill, for dei er både gode og rolege på grillen.

 

Det er atter trygt å plukke bær i Rognestøyldalen. Heldigvis er ingen fysisk komen til skade, men nokre har nok vorte meir skeptiske til kyr?

Eg er i alle fall letta over at ho står i fjøsen.