J16: 16-delsfinale: Sæbø vs. Harøy
Det var knytta stor spenning til dagens kamp, då Harøy hadde gjort det sterkt tidligare i turneringa. Men trener Emile hadde studert motstanderane på ekebergfeltet og Sæbølaget gjekk difor inn i kampen med ein klar taktikk på korleis laget skulle slåast!

Kampen byrja slik kampar mot jamne lag ofte begynner, kriging på midten og lite foran mål. Men utover i omgangen fekk sæbølaget eit lite overtak og byrja å lage sjansar foran mål. Ikkje lenge etter kom det første målet. Malene fekk drinla seg fri og satte ballen mellom beina til keeper med venstrefoten 1-0. Like etterpå kom 2-0. Malene og Else-Marie Stokke spelte vegg utpå kanten og Malene fekk avslutta utanfor rekkevidda til keeperen. Sæbø gjekk til pause med leiinga 2-0 og Harøy hadde knapt sloppe til foran Sæbømålet.

Andreomgan fortsett i same spor som første. Harøy stonga mot eit glimrande sæbøforsvar, med kaptein Torill Haugen Øye i spissen, og sleit veldig med å skape sjansar. Men spenninga i kampen tæra likevel veldig på sæbøsupporterane, då spesielt Heidi Aambakk. Dei kunne då puste noko letta ut då 3-0 målet kom. Ida Line Åmas kom seg fri på høgre og slo eit nydelig inlegg foran mål. Der måtte Malene ha to forsøk før ballen endeleg satt i nota. Harøy forsatte og kjempe mot hardarbeidande Sæbøspelera. Også innbytterane Tirill Holen og Rebekka Skylstad, samt Kathrine Brekke og Jenny Valseth i forsvaret fortener også å bli nevt i kamprapporten, då gjorde ein kjempejobb for å halde på leiinga mot eit godt Harøy-lag. Sæbø var faktisk nermare 4-0, enn Harøy var utlikning. Sæbø hadde blant anna eit fantastisk angrep der Rebekka Stokke vann ballen og la ein nydelig løpeball til Malene på venstreflanke. Ho kom seg rundt og fekk lagt inn i feltet, der Elisabeth Melle kom på eit kjempeløp og avslutt knallhardt like utanfor. Sæbø kunne defor juble for avansement, etter å ha kledd av eit godt Harøylag i ein taktisk perfekt utført kamp av spelerane.

I morga speler gutane kvartfinale og jentene 8-delsfinale, so følg med!