22 spelarar, dvs. 11 jenter og 11 gutar, tre trenarar, fire foeldre og Marta (maskot og likjesyste) reiste 28. juli til Oslo for å vere med på Norway cup.

Laurdag.

strynefjellet
Stopp på Strynefjellet for inntak av mat og drikke.

Vi reiste i Sæbø-bussen og Åmås-bussen. Vi var veldig kry av å reise i eigen buss, bortsett frå når vi laga trafikkkork og tok ulovlige U-svingar..
Men som Bodil seier: "Vi er ikkje reist til Oslo for å gjere oss populære i trafikken!"

IMG_7431
Ny matpause. Thomas i djup konsentrasjon!

IMG_7433
Endeleg framme og på plass i klasseromet.

Dei ville plassere jentene på tre forskjellige små grupperom men då vart Ann-Elin nesten sint. Vi skulle ha eit stort klasserom til kvart av laga, dermed basta, og slik vart det!

Søndag!

IMG_7438
Frokost på skulen.

seier
Vi vann 3-2 over Lesja/Lesjaskog! Jenny, Torill og Kathrine.

Sivert
Sivert i angrep! Gutane vann første kampen mot Antazawe 3-2!

IMG_7476
Så kom regnet. Men vi fekk berge Oddhild, Heidi, Martin og jentene under tak!

IMG_0008
Blide gutar etter seier i første kamp!
Bak:  Yngve, Martin, Sindre, Thomas, Mikkel, Bjørnar og Mats. Framme: Jon Martin, Andre, Jakob, Sivert, Truls og Øystein

Mandag!

IMG_0003
Framleis ryddig på romet. Mikkel, Øystein Dimitri, Sivert, Martin, Jakob, Thomas, Bjørnar, Andre og Jon Martin.


Bodil og Marta
Bodil og Marta i hinderløype for å få premie.

DSCN2551
Gjørmekamp mot Sauland, vi vann 4-0!

IMG_0022
Kjære Bodil, "Kan vi få kome inn?"  Malene, Ida og Else Marie.



Ullevål
Kamp på Ullevål!  Vi var alle saman på kamp mellom Lyn og Fredrikstad.
Bodil er flink å nytte tida!

Tirsdag!

klar
Pause i kampen mot Brønnøysund, trenarane gir instruksar! Kampen enda med tap 0-2 og gutane er klare for B-sluttspel.

IMG_0026
Lunsj i Ekeberghallen.



IMG_7516
Malene og Else Marie (frå Sæbø/Åmål?) var finalistar i triksekonkuransen om  ein tur til Kina for heile laget. Det vart ikkje Kinatur denne gangen, men dei prøvar igjen neste år!

Norwaycup 2007 032
Else Marie blir interjuva av Stian Barsnes Simonsen!

IMG_7514
Ida gav alt i kampen mot Giv-Akt/Spangereid.
Kampen enda uavgjort 1-1 og Sæbø/Åmdal kunne juble over puljeseier og A-sluttspel!

Onsdag!

roger
Seier 3-0 over Harøy, jentene er vidare og Roger svevar!

mot harøy
og jentene jublar!

Torsdag!

Neste kamp mot Vaulen enda 4-0 og jentene er klare for kvartfinalen mot Larsnes.

IMG_0017
Marta er maskoten til alle, her på skuldrane til Øystein! 
Begge er klare til å heie fram jentene til seier mot Larsnes.
Det vart seier 2-1!!

IMG_7540
Pizzakveld på Peppes Pizza. 20 pizza gikk med!!

Fredag!

løve
Heile gjengen skal på bowling, måtte berre prøvesitte ein tiger først, det har vi nemeleg ikkje på Sæbø!
Marta som det naturlege midtpunktet!

bowling
Sindre, Andre, Jakob, Mikkel, Thomas, Sivert og Martin bowlar.


Norwaycup 2007 093
Glade jenter etter tapet mot Hald. VI HAR VUNNE BRONSE!

Jentene hadde ikkje tapt før denne kampen, 1 uavgjort og resten sigerar!  Dei hadde til då skora 17 mål og sleppt inn 4! Hald var større og spelar dessutan på seniornivå. Vi har med spelarar f. 91.92 og 93 + ein i 90 så jentene er kjempego! Dei spelte i ei pulje med sterke lag, likevel vann dei pulja.

Laurdag!

Vi avslutta turen på Tusenfryd og køyrde heim i natt. Vi var fire sjåførar så delte på køyringa og alt gikk greit!
Bortsett frå:Etter Tusenfryd tok vi oss ei ekstra runde inn i Oslo sentrum for å ta farvell.?! Var ikkje SÅ lett å sjå forskjell på E18 og E6. Trur ikkje vi vart særleg meir populære heller... Viss det ikkje var derfor dei fløytte då?! Hadde det ikkje vore for Torill hadde vi kanskje vore der ennå..

gammalt
Har tjuvlånt dette bildet... Teke på Tusenfryd!

 
Vi hadde med tilsaman 22 spelarar frå 14 til 17 år. Vi "vaksne" er veldig inponerte over kor kjekke alle saman er. Vi opplevde berre positiv oppførsel, ikkje ei einaste episode med noko tull!
Dessutan var dei flinke til å heie på kvarandre, stod til og med tidleg opp for å følge kvarandre!

Heile bygda har grunn til å vere kry av dei kjekke ungdomane våra!!

Norwaycup 2007 134
Glade jenter med pokalen! Kaptein Torill og Liv Grete.


Norwaycup 2007 160
Bronsejentene: bak, Else Marie, Ida, Kathrine, Rebekka, Jenny og Rebekka.
Framme: Torill, Malene Liv Grete, Elisabeth og Tiril.

sov
Frå heimturen!