Nesten som i gamle dagar, tenkjer eg då vi hadde lagt frå land på Magerholm onsdagsmorgonen kl. 08.40. Bilen er parkert om bord og du kan gløyme den.

Her kunne gjerne ha vore fleire bygdefolk som ein kunne slå av ein godprat med, men det er ikkje forbode å gje seg i tale med både tysk- og engelsktalande turistar.  Dei er interesserte i å høyre om både Trollgjøttemannen, strandgardane og bygdene vi passerer og det vart vanskeleg å ha ei god forklaring på korleis ei stor gravemaskin hadde kome i land på Strandabøen.. 004(2)

Trollgjøttemannen mellom Molaup og Nes skulle alle hjørundfjordingar vite om og kjenne historia om korleis han hamna oppe i fjellsida! 

Turen til Leknes går unna på 1 time og 35 minutt, og du kan sette deg ned og slappe av i salongen og innta eit lettare måltid – dersom du har skulka unna frukosten, eller du kan gå opp på øvste dekket og lytte til guiden Bjarte Foshaug som orienterer om Hjørundfjorden og opplegget for dei som skal reise vidare med bussen, som følgjer med på ferja, inn Norangsdalen, Geiranger, Trollstigen, Åndalsnes, Molde og tilbake til Ålesund på dei næraste 11 timane. 002

Overstyrmann Arild Inge Ræstad frå Fræna slår fast at han har fått ein drømmejobb. 

Sjølv tek eg meg ein tur i rorhuset og vekslar nokre ord med overstyrmann Arild Inge Ræstad. Han fortel at ferja er bygd i Volda i 1978 og gjekk i rute mellom Magerholm, Aure og Ikornnes. Men no vart ho innkjøpt frå Fosen Trafikklag i Trøndelag og heitte ”Hertug Skule” der oppe. Turoperatøren 62 gr.NORD har fått pussa opp ferja og brukar ho no i ei turistrute på Hjørundfjorden under velklingande konseptnamnet  Fjord Magic. 

Arild Inge fortel at dei har no gått 150 turar på strekninga Magerholm – Leknes sidan 8. juni. Det er jamt bra belegg på dei tre turane kvar dag, men dei veit godt at det skal gå tid for å innarbeide det konseptet dei har lansert. Ferja vart forseinka frå verftet men i ein kort juni var det likevel med 800 passasjerar. I juli, med eit ver som ikkje freistar til uteliv, har  2000 passasjerar vore med på turane. Og det er alt bestemt at ruta skal gå i sommarmånadene neste år og. Når det gjeld bussar og bilar, var tala ikkje summerte. 008

Her rundar ”Fjord Øye” Leknes på veg til Magerholm. Fyret på Lekneset t.h.

Arild Inge fortel vidare at dei ser at mange kjem om bord med syklar på morgonturen, så får dei seg ein lett dag på to-hjulingen innover langs Norangsfjorden og dreg vidare eit passeleg stykke opp i Norangsdalen, m.a skal alle ha med Lygnstøylvatnet.  Eit godt måltid på hotell Union kan ein gjerne spandere på seg etter slik innsats!  Så dukkar dei opp att på returruta 17.20 frå Leknes. 

                                                                                       Urketur 010807 025 (2)

Fy! Vegvesenet slit med rettskrivinga! Orienteringstavla ved vatnet – i Hjørundfjord Sogelag sin regi - og alle kart, brukar Lygnstøylvatnet! Og det er sjølvsagt rett!

Vi takkar Arild Inge for ein koseleg tur som freistar til reprise! At det minner om gamle dagar med roleg og avslappande fjordtur, er ingen ulempe!