Bondalselva/Hjørundfjorden vart saman med Ørstavassdraget og Ørstafjorden innstillt verna mot oppdrettsnæring som eit resultat av ei nær 10 årig høyring. Bondalselva og Hjørundfjorden vart urettmessig og utan argument ekskludert...... Etter mitt skjøn.  Ørstafjorden var av inga interesse for oppdrettsnæringa.Her kunne ein ikkje etablere seg p.g.a terskelfjord/straumtilhøve. Av den grunn fekk elv og fjord nasjonal laksestatus... Statistisk kva fangst vedkjem er vassdraget Bondalselva underlegen. Ser ein på kartet, sluttar Ørsta-fjorden ved Rjånes. Frå her er det fritt fram for oppdrett. Dvs. i Vartdalsfjorden. Der oppdrettsanlegg med konsekvensar er etablerte. Ørsta Jeger og Fiskeforeining kjempar ein fortvilt og tapt kamp. Det spelar inga rolle kor mykje yngel dei set ut/elva produserar. Vartdalsfjorden slukar utgåande laksungar. Interessant vert det å sjå i kor stor grad vedtektene for nasjonalelv/fjord vert gjennomført. Dvs. at oppdrettsanlegg  må  vekk. Avdi dei hindrar "fri ferdsel" for laksungar frå eit nasjonalt laksevassdrag på veg mot eit havleg oppvekstområde. (Gjennom Breisundet) Her kjem Bondalselva/Hjørundfjorden inn. Pr. i dag er sperregrense mot oppdrett i Hjørundfjorden intakt. Etablering av oppdrett i Hjørundfjorden er forbode. Den massive oppblomstringa av drepande lakselus  i Ørsta/Vartdals og Hjørundfjorden som er i ferd med å øydeleggje 2 av dei fremste smålaksstammene i landet, kjem i hovudsak frå oppdrett i vår eiga kommune.......Ørsta-vassdraget med fjord er berre kamuflasje. Det er Hjørundfjorden oppdrettsnæringa "siklar" etter. Difor i det følgjande valet. Stem på personar/parti som vil halde fjorden fri for oppdrett!

Protestlistene med meir enn 800 underskrifter frå enkeltpersonar, lag og organisasjonar mot oppdrett i Hjørundfjorden ligg på Rådhuset i påvente av eit nytt kommunestyre. Følgj med!

 

P.S  Eg tillet meg  i Møre-Nytt no framfør valet  å ufordre dei politiske partia om kva synspunkt dei har på "problematikken" ovanfor.  Kan representant(ar) klargjere for oss veljarane kva partia meinar i  saka om oppdrett i Hjørundfjorden.

Senterpartiet har på Hjørundfjordportalen gjort reie for at dei går klart imot oppdrett i Hjørundfjorden. Bra! Då veit vi deira synspunkt. Så no ventar eg med spaning på dei andre partia!