Bygdemobiliseringa arbeider med omgrepa trivsel og sysselsetting. Fram til no har arbeidet i hovudsak vore konsentrert om trivselstiltaka, men i tida som er att av prosjektfasa må vi og få med oss sysselsettingstiltaka. Kor skal vi starte?

 

Ei stor mulegheit er utvikling av matservering basert på lokale råvarer. Reiselivet er i vekst og ei overføring av lokale verdiar utover naturen sin skrud, vil fremme meir- og attkjøpslyst, oppleving og ikkje minst livskår for dei som vil bo her.

 

Rekkedal Gjestehus nyttar alt lokale råvarer i matserveringa si fordi dei har etablert ein trygg og god lokal profil på opplegget. Eg er temmeleg sikker på at dei er stolte over det lokale grunnlaget som gir staden særpreg, som skil han frå andre og dermed gjer han enda meir synleg.

 

Eg skal gi nokre eksempel på store mulegheiter med lokal matproduksjon og overlevering til turistar eller andre aktørar innan reiseliv – vitjarar av Hjørundfjorden.

 

I slutten av juli hadde vi eit slekt/venelagstreff i Ørsta. På jakt etter verdfulle opplevingar valde vi å besøke Stavset der vi med Linda og Svein hadde avtalt servering av garden sin mat. Det fikk vi og dette vart ei stor oppleving særleg fordi vertskapet fungerte godt med førebuing og levering.

P7290019

Frå uteserveringa i tunet på Stavset

Laurdag 4. august vart det halde bryllaupsfest i Bondalen Grendahus. Underteikna som kan kallast ein svært interessert matmann i lokale mattradisjonar, var av brudeparet bede om å ha ein mat- og drikkastand. Det vart akseptert under føresetnad av at det her vart servert mat med utspring frå Hjørundfjorden.

Med bistand frå solide leverandørar og hjelparar vart standen til fredagskveld og laurdag føremiddag med lokalt biljardbord som understell. Opp på den kvite duken som låg over bordet, vart det lagt to svært velbrukte og utgåtte båtbord som berande for høvla dekkefjøler av ore henta frå  vårhogsten på Hustad. Og så kom det viktigaste som var maten og drikken - nær alt frå Hjørundfjorden.

Frå næraste bordende og innover kom i tur og orden speka og tørka geitelår, røykt villaks, tørka sild, ramslauksmør, heimbakt flatbrød av steinmalt mjøl – og til sist mjød og kornøl. Mjøden var her produsert av bier frå Aukra, men det meste av foredlinga skjedde lokalt.

Henning 152.2

Matstanden med alle syns- og smaksinntrykk vart av dei nær hundre gjestane rosa i skyane og det beste var sjølvsagt at brudeparet var svært nøgde.

 

Dette er meint som eksempel på at lokal mat med planlagt overlevering, har ei stor framtid også i Hjørundfjorden. For å få dette til treng vi idear og ikkje minst engasjement for å bringe dette frå gode råvarer til foredla tradisjonsmat, gjerne i nye former og samanhengar. Ein av tersklane er Mattilsynet som vi må også må spele på lag med.

Hjørundfjordingar – engasjer dykk! Sjå på hjorten, på husdyra, på fisken i fjorden, på gamle tradisjonar, på ferdigheitene dykkar. Kombiner dette til gode utbod til dei mange som etterspør meir enn billegaste butikk.