Det er tidleg på hausten dei fleste kalvane vert fødde rundt om på gardane i Hjørundfjorden.  Etter to, tre månadar med ferie ute på beite, får no Dagros sin årlege kalv.  Dermed tek kvardagen til igjen både for ku og bonde. Javisst er det travelt, men sett frå ein bonde sin synsstad, er hausten svært viktig - avlinga er stort sett komen i hus og det er tid for oppsummering.  Men eit par  problem dukkar ofte opp; nokre har ei ku for lite - kanskje på grunn av sjukdom.  Andre har kanskje ei ku til overs...

Fellesfjøs og Somby 010 (Large)

Kyr på fellesbeite i Kvistaddalen.

Kjøp og salg av kviger er vanleg mellom oss mjølkeprodusentar.  Vi kjøper kanskje ei kvige av ein nabo, eller vi tek kontakt med ein som vi har høyrt rykter om har eit godt dyr til salgs.  Likevel vert nok flesteparten av kvigene seldt gjennom livdyrformidlinga til  slakteriet.  Men det er også her eitt problem:  Skal t.d. ei  drektig/gravid kvige transporterast over lengre avstandar, må det skje seinast fire veker før forventa kalvingsdato.  Så kva om eg vil selje ei kyr eller kvige som skal kalve om berre 14 dagar?  Ja, då har eg eit problem.  Men kanskje kan hjorundfjord.no hjelpe til?

Både kviger og kyr kan sjølvsagt fraktast over kortare avstandar, t.d. internt i Hjørundfjorden, sjølv om det er kortare tid enn fire veker til ho skal kalve.  Så vi gjer eit forsøk:  Vil du kjøpe, eller selje eit dyr som nemnt, ja då legg du berre igjen ei melding med telefonnummer i kommentarfeltet under.  Kanskje får du respons frå ein brukar av Hjørundfjordportalen.  Mange gardbrukarar er nemleg ivrige brukarar av hjorundfjord.no.

Lykke til.

P.s.:  Eg har sjølv ei kvige som ikkje skal kalve før ca. 20. oktober.  Det er for seint for meg.  Vil du kjøpe, ta kontakt med underteikna.  Prisen skal ikkje vere høg.