For å bryte litt med laksediskusjonen her på portalen vil eg med bilete og tekst mimre litt igjen......Dette biletet i "Vi Menn" frå 1974 er reportasje frå året før.  Den gong midtsidepika i bladet var blikkfong! Biletet syner vel klart korleis tilhøva i elva var når laksen i vassfløde gjekk fram. Det her er frå månadsskiftet juni/juli. Ifølgje mine notatar vart omlag 500 pjakk/laks teke denne dagen på strekningane Hustad og Riise. Fantastisk!

Framsida på bladet var i si heilheit frå elva. (Bilete av underteikna var inne i bladet, men det held eg grunna "falsk beskjedenhet" unna.......) Tekst på framsida av bladet var "Norges største laksesirkus!"

Trass i lakseline, drivgarn, krokgarn, monofilamentgarn, aure, laks og makrellgarn var elva full av laks. Eg talde ein dag i september same år frå osen til Kvistad bru over 400 gytefisk! I "Snikkarhølen" på Hustad registrerte eg i midten av august meir enn 20 smolt pr. kvadratmeter. Berre i denne hølen stod hundrevis som skulle gå til havs året etter. No snakkar vi om eit par-tre titals fisk i elva!

Det var før før oppdrettsnæringa si tid, javel. No er sjøfisket etter laks stort sett forbode. Berre laksenot av den gamle type er tillate. Føresetnadane for elvane har aldri vore betre! Dei negative konsekvensane for villaks som ein konsekvens av oppdrett vil og må det verte gjort noko med. Til og med "oppdretts-kongen" Fredriksen innrømer no at oppdrett i fjordar med lakseførande vassdrag burde ikkje vere tillate. Velkomen etter, forresten.....

Det er viktig at vi på lokalt plan syner veg med ei fornuftig forvaltning. Med det bevis og rettferdiggjer vi kampen mot oppdrettsnæringa sin miljøkriminalitet!