For eit års tid sidan kom ”Namnesamlingar av Ivar Aasen” med nyprenting av hefte som ikkje har vore råd i få tak i dei seinare åra. Og fleire deler av boka har aldri vore prenta, så her er mangt nytt og interessant. Det er Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset som har stått føre dette nybrotsarbeidet. I ei fagleg bokmelding i  ”Maal og Minne”  1-2007 melder Aasen-spesialisten Kjell Venås boka og rosar med rette både den nye boka og ei tre redaktørane.

Ei gullgruve
Eg er interessert i lokale plantenamn og gjort meg mest kjend med denne delen av boka. For den som har interesse for lokale plantenamn, er boka ei gullgruve.
    Ein må kjenne lokale plantenamn om ein skal forstå opphavet til mange kjende stadnamn. Ivar Aasen skriv at plantene som i den offisielle flora  heiter bregne, vart på Sunnmøre kalla blom. Døme på stadnamn i Ørsta som viser til bregnevekst er:  Blombrekkinje, Blomfonnja og Blomstøyli .  Eit anna lokalt plantenamn er Jol eller Jool med lang o som Aasen skriv.  I moderne florabøker heiter desse plantene kvann og sløkje. I Hjørundfjord har me Jolhonnje, det har heilt sikkert noko med jol eller kvann-jol å gjere

Til nytte for skulane
Skulen vil kunne ha stor glede av desse namnesamlingane når elevane lærer om planter. Mi erfaring er at born får betre kontakt med eldre folk om dei og kjenner lokale namnevariantar. Eit døme: Få kjenner krypsoleie-namnet, men kven kjenner ikkje trøskje-namnet om ein snakkar om ugras i hagen?
    Professor Rolf Nordhagen (1894-1979) som forska på lokale plantenamn, sa til meg ein gong at ”skolebotanikken har gjort uboteleg skade på lokale norske plantenamn.” Hans eigen Norsk Flora tok med lokale namnevariantar for å halde kulturarven i hevd.
    Aasen har og interessant lister over personnamn. Foreldre som ynskjer slitesterke norske gute- og jentenamn kan her velje mellom ei rekkje solide namn: Døme: Asbjørn, Astrid, Bjarte, Brynhild og Helge og Helga. Aasen fortel kvar helst i landet vårt dei ulike namna er mest vanlege.

God hjelpebok
Boka har liste over lokale fugle- og dyrenamn. Det var artig å møte på namnet jase. Det er ørsta-namnet på hare. At hannkattar vert kalla fross og hokattane kjette, er vel meir vanleg vil eg tru.
Boka har sunnmørske ordtøke, ei stadnamn med interessante tydingar. Eg visste ikkje at Aasen tolka Urke-namnet som ei samansetjing av Ur og okje, dvs ur og bakke. Til slutt har boka ei liste med lokale namn på seksuelle organ. Uvanleg lesnad, men interessant.
Namnesamlingar av Ivar Aasen v/Bondevik/Nes og Terje Aarset (2006) er m.a. til sals i Ivar Aasen-tunet. Ei god hjelpebok og ei rimeleg gåvebok!

Namnesamlingar av Ivar Aasen
Redigert av:
Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset
Ca Kr. 250

Torbjørn Urke