Torbjørn Urke og  resten av arrangementskomiteen ser tilbake på eit vellykka treff under Heimkome-helga på Urke 18. og 19. august. Planlegginga starta i siste haust og arbeidet har gått greit på alle måtar. Vi har møtt berre velvilje og entusiasme same kvar vi har vendt oss.

 Heimkomefolk

Under opninga måtte Torbjørn uttrykke seg på både amerikansk og tysk for å inkludere gjester frå Sør-Afrika, vestkysten av USA og frå Tyskland. (Foto: Torbjørn Urke)

Alle bileta nedanfor har Hallstein Stennes stilt til disposisjon.  

Komiteen hadde det så pass travelt at det var vanskeleg å få alle seks samla på same brettet!

2546

Torbjørn Urke ønskjer alle velkomne. Komiteen (frå v.): Kjell Rønning, Per Urke (godt skjult), Torbjørn Urke, Nelly Urke og Eldrid Øye. Jon Rønning var oppteken med registreringa.

Veret var ikkje på arrangøren si side, men dei påmelde møtte opp fulltallig, slik at deltakartalet passerte 350. Alle deltakarane var notert på deltakarliste med namn, adresse, telefon og tilknytning til bygda, og ført under gards- og bruksnummer i same rekkjefølgje som gardssoga.

På førehand var det innsamla gamle Urke-bilete som mange studerte nøye. Desse bileta kunne gjerne ha danna grunnstamma i ei framtidig, eiga biletbok for Urke...

2544

Alice Torvik Ramstad frå Molde studerer veggbilete og innramme klassebilete.

Eit av kjenneteikna på velvilje for arrangementet, er at vi slapp å be om hjelp. Folk møtte uoppfordra og spurde kva dei skulle gjere, uttalte Tobjørn Urke i løpet av festen i teltet.

2538

Middag til 350 menneske krev innsats! Birgit Urke, Nelly Urke og Eldrid Øye visste kva som skulle til!

Etter registrering og opning, var det vandring i bygda der det vart orientert om det nye kraftverket som er under bygging, om gamleskulen som no er borte, om kaia, kaikulturen og Messerschmidt-flyet som Urkeungdom henta opp frå sjøen våren 1945 og vidare vandring om Halekja til hyttefeltet Hjellen.

Nedbøren var utfordringa for mange.

2571 

Nokre gode grep skulle til for å få vatnet på rett veg! Grøft rundt teltet måtte og til!

Første invitasjon til heimkome-helga vart send ut i bunkar til kontaktpersonar i kvar familie i høveleg tid før jul, og i den vidare fordelinga hamna dei der dei skulle! Familiebanda vart granska og vidare vart hyttefolk og andre som følte tilknytning til bygda ønska velkomne. Amerikanarane nedanfor starta si planlegging av tur hit då dei mottok invitasjonen.

2576

Tre lystige amerikanarar, Keith Elden Stennes, Deborah Stennes og George Taylor av Stennesslekt, kosa seg!

2573

Kona til Georg, Josephine (Josey) Taylor kasta regnfrakken!

På festen i teltet frå Ørsta Aktivum var det underhalding av ulike slag, men det var og avsett rikeleg tid til prat!

2584

Å sitje tett skaper intime forhold og god samtale. Frå scena var det underhalding av m.a. eit orkester som gjenoppsto etter 40 års pause. Halvard Urke og Hallstein Stennes med trekkspel og Arvid Stennes med fiolin og "innlånt" Torger Dahl frå Oslo sytte for den musikalske biten av innslaga.  Halvards "Urkevalsen" måtte framførast på nytt etter ustoppeleg applaus!

Dette arrangementet var innsikta mot folk i alle aldrar.  Fellesskapet med slekta og bygda var i fokus og dermed gjekk resten av seg sjølv.

2587

Torstein Urke (i midten) frå Ålesund og Otto Berg(t.h.) frå Skodje i samtale med Per Urke

Arrangøren vart overraska over kor mange som kom langvegs og eins ærend for å delta: Eit yngre par kom frå Svalbard, medan mange hadde køyrt både fra Austlandet, Trøndelag og Rogaland.

2589

Dette paret, Gerd og Inge Haandlykken, kom frå Pinnerud ved Brumunddal.

Komiteen si målsetting om å skape god stemning under tilstellinga i teltet, var ikkje så vanskeleg å få til.  Stemninga kom nok først og fremst innanfrå!

2607

Her er det kjenningar som møtest!  Moro! Leikny Urke (t.v.) og Annfrid Urke Dahl møtest for første gong sidan dei gjekk på skulen på Urke.

"I gamle" dagar var basar på bedehuset noko som samla bygdefolket.  Dei 350 gamle treårene vart leita fram og "årefest" på gamlemåten var avvikla med 20 flotte gevinstar og indeksregulert pris pr. åre: 50 kr, takk!

2610

"Årefest" med flotte gevinstar. Nelly Urke og Birgit Urke kan kunsten frå før.

Festen i teltet vart avrunda med visa om "Gåsa og katten og hanen" og det ga rom for visse assosiasjonar..

2616

Dugande forsangarar får opp stemninga!

God prat og dans på Grendahuset gjekk til langt på natt.  Det var liv og lys i alle hus på Urke og det var gjestfridom som vart demonstrert når det jamt over sto både fire og fem bilar utanfor kvart hus den natta!

Neste dag var det tibod om turar til både Leknesdalen og Haukåssætra, men veret frista ikkje til den heilt store utfarta!

Dermed var arrangementet fullført og mange har alt etterlyst neste heimkome-helg!