Vi er no klar til å fullføre turstien som skal gå frå Hustad bru til Kvistad bru. Dette har vore noke som folk har sett pris på kom i stand, og bygdefolket og grunneigarar har helsa dette velkome. Bygdemobliseringa si arbeidsgruppe som er leia av Irene Osvoll, ilag med Elveigarlaget, ynskjer folk velkomne til ein sosial hyggjedag der vi saman kan ta fatt på siste del av dette arbeidet. Arbeidet som skal gjerast er å sage og hogge ned skog etter elvaforbygginga, og å  tynne skogen attmed og ned i elvarampa, slik at både turgåarar og fiskarar kan ha glede av å sjå elva.

Bildekart Rise til Kvistad bru
Flyfotokartet viser korleis turstien skal gå på elvarampa.Ei gangbru over Hole elva er ynskjeleg, men må vente, så her må folk gå inn på hovuvegen.

 

Alle kan gjere ein innsats, store og små. Du som har, tek med deg motorsag, beitesaks, o.a. hjelpemiddel.

Møt opp på Holebrua  laurdag 1.september kl. 11.00, der vi planlegg korleis vi skal fordele arbeidet.


Bygdemobliseringa kan servere dugnadsmat og kaffi. Denne matykta har ved tidlegare dugnadar vore den kjekkaste ykta for mange.

Helsing Arbeidgruppa i Bygdemobliseringa, for elverampa.