No går det mot slutten for Skårakjerringa!  Frå Urke ser vi denne formasjonen i ein bre under Skårasalen. Kvart år er det same prosessen... 

Vi har følgt henne gjennom siste månaden frå 1. juli som - ungmøy, lettbeint og fjong - til 8. juli - heller tung og halvgått i eit kortvarig svangerskap - og no ser ho slik ut: Tjukk og uveisom. Beina har svikta og i neste vekene vert ho fullstendig konturlaus og omgjort til vatn i Hjørundfjorden.

1.juli:

Skårakjerringa 010807

8. juli:

Skårakjerringa080707

1. august:

009(2)

Ja, slik kan det gå her i verda...

Vi takkar for i år - og velkomen tilbake neste år - og neste år - og neste år ....

Og på Urke vil det stadig dukke opp spørsmålet: Har du sett Skårakjerringa?