Haukåssætra vart brukt av gardane på Ytre Urke, Leknes og Urkegjerde. Lokalt kallar vi sætra for "Utaforsætra". Men så vart det urasjonelt - sjølvsagt - å drive med husdyrhald på denne måten, og dermed var heile sætregrenda i løpet av få ti-år nær fullstendig forfall.

018(2)

Her ligg sela i to rekkjer. Venstre rekkje bakover: Urke-Ola-, Gjers-Nils-, Samde- og Hansselet. Høgre: Ramo-, Jensa-, Leknes- og Gjers-Olaselet.

Tidleg på 1990-talet dukka det opp støttemidlar til dei som hadde gode restaureringsprosjekt og heldig vis fanst det framstynte folk som sette seg i spissen for å berge denne sætregrenda. Alle eigarane måtte gå inn med eigenandel og alle måtte vere med dersom prosjektet skulle gjennomførast. Alle dei åtte sela står i dag som perler i eit naturleg landskap og minner om ei tid som var.

Thomas Hustad frå Sæbø sto i spissen for arbeidet med sela. Dei som var bygde opprinneleg i laftingsteknikk, var bygde opp sameleis. Nokre hadde hovudrommet i tømmer, medan ytsteselet var reisverk. Alle hadde never og torv som taktekke. Eigarane har sjølve sytt for ein del av arbeidet m.a. innvendig oppussing med nye golvog innvendig kledning. Alt kan brukast som for 100 år sidan.

013

 Murarne, trappehellene og området rundt sela er fullstendig som det var før!

Sætergrenda var ramme - og ikkje kulisse - for ein ikkje liten del av innspelinga av "Den Store Hesteferda" som gjekk på TV i jula 2004. Kanskje mange hugsar scener frå denne filmen der fleire lokale statistar var med?

 010(2)

Stort vakrare kan ei sætergrend ikkje vere plassert!  Skårafjella t.v.

Vi må i dag vere takksame mot dei som tok initiativet og dei som var framsynte nok til å berge denne kulturskatten som alle kan nå. Køyrevegen passerer på 50 meters avstand.

Under Heimkome-helga på Urke 18.-19. august blir det arrangert tur til sætra søndag.