I fjor laga Ørsta kommune ei ny forskrift om spreiing av gjødsel på eng.  Den seier m.a. at siste frist for slik spreiing er 15. september.  Denne fristen gjeld også i år, seier Børild Skåra, fagkonsulent i Ørsta kommune, til hjørundfjord.no.  Skåra legg  til at denne fristen, altså den 15. september, også gjeld for spreiing av silovæske/pressaft.

IMGP1734_1

Siste frist for spreiing av husdyrgjødsel er 15. september. 

Dersom ein har tungtvegande grunnar, kan ein søkje om utsett frist.  I så fall må ein ta kontakt med landbrukskontoret i Ørsta snarast, opplyser Børild Skåra.  Til slutt legg han til at dersom ein køyrer ut gjødsel på eng og pløgjer den ned straks etterpå, er fristen ut oktober månad.

Under legg vi ved heile den gjeldande føresegna:

Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer mv. av organisk opphav på eng, Ørsta kommune, Møre og Romsdal.
Fastsett av Ørsta formannskap 4. juli 2006 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23, jf. lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) § 13.
§ 1. Føremål
       Føremålet med denne forskrifta er å fastsette ein eigen frist for spreiing tilpassa        dei lokale tilhøva i kommunen innanfor vilkåra av forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om        gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23.
§ 2. Verkeområde
       Forskrifta gjeld heile kommunen.
§ 3. Spreietidspunkt
       Spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng og anna grøde skal gjerast seinast        innan 15. september.       For all spreiing av gjødselvarer av organisk opphav utan nedmolding/nedfelling på       eng etter 1. september gjeld at ein kan maksimalt spreie 2 m3 /daa, og mot alle            vassdrag skal ein setje att ei sone på 20 m som ikkje vert gjødsla.§ 4. Klage
       Vedtak gjort av kommunen etter forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav.

       kan klagast til fylkesmannen
§ 5. Ikraftsetjing
       Forskrifta trer i kraft straks.