DSCN2576

Lars Urke er på veg tilbake til Sæbø. Spelar han i Sæbø-cupen? 

 

Laurdag 28. og søndag 29. juli er det altså igjen klart for Sæbø-cupen. Deltakande lag er Ørsta, Vartdal, Åmdal, Hovdebygda og Sæbø. Det vert spelt eit innleiande seriespel med kampar på to gonger tjue minutt laurdag og søndag, og dei to beste laga spelar finale søndag ettermiddag.

På aktivitetskalenderen her på Hjørundfjordportalen finn de kampoppsettet.

Det er ei opa turnering i år. Tredjedivisjonslaget Ørsta ville normalt ha vore favoritt, men for det første har Kenneth Nydahl sitt mannskap slite i tredje divisjon, og det er heller ikkje venta at Ørsta stiller med dei aller beste i turneringa.

Dei tre andre gjestande laga er Vartdal, Hovdebygda og Åmdal. Dette er tre lag som har gjort det godt i femte divisjon så langt. Alle laga er med i opprykksstriden.

Vartdal har eit ungt lag, kyndig leia av spelande trenar Henning Nygård, medan Hovdebygda og Åmdal er lag som har fleire veteranar med. Det ryktast også at Hovdebygda vil stille med gjestespelarar til turneringa. Bjørn Ove "Colly" Strand er aktuell, og like eins Olav Winjevoll.

Hovdebygda 003

Hovdebygda, ved Jan Egil Gretland, Stian Yksnøy Aasen og Kai Are Stave har som mål å vinne Sæbø-cupen i år.

Arrangørklubben Sæbø kan sjå tilbake på to tredjeplassar i Sæbø-cupen dei to siste åra. I år bør laget stile høgare. Laget har trent godt i sommar, og det vert også sikta mot ein tidleg formtopp i august, slik at laget skal få flest mogleg poeng før spelarar byrje å reise til høgare utdanning og militærteneste.

Sjølv om meldingane seier noko anna, er det alltid godt ver på¨Sæbø-cupen.