I den lyse sommarkvelden med temperaturar over 20 grader, var det anledning til mange slags aktiviteter.På hotellet var det dans med Reddikveteran Erlandsen, og båtar gjekk i trafikk med gjestar til Christian gaard på Trandal.

20070707_0153
Kos på plattingen framfor naustet.

Sigmund og Ingebjørg Årseth, som er faste sommargjestar på hytta si og kjem frå Valdres, hadde invitert gode vener til ein kosekveld i fjøra ilag med naustet i Sandvika, der det var servert reker, brød og god drikke.
Slike kveldar  har vi berre nokre få av her med oss, og det viktigt å benytte seg av denne herligheita med sydentemperatur og lys natt som kun vi som bur langt nord kan få oppleve. Men vi kan sjølvsagt ikkje oppleve midnattssol slik dei kan lenger nord i landet.

20070707_0150
Fjorden var så nær som blikkstille.F.v.Inger Mo, Jon Kvistad,Sigmund Årseth, Ingebjørg Årseth, Kjell Arne Årseth og Toril Årseth.

20070707_0159
Sæbø ligg stille i bakgrunnen, men på hotellet er der nok liv og røre med fin dansemusikk. 

20070707_0164_1
Måsane sette pris på rekeskalet. 

Eit tema som berre måtte kome er tørkeskader på åker eng som held på å gjere stor skade i bygdene no, og det er bøndene som er avhengig av grasvekst og vatn til dyra, som fyrst får merke tørken. Men kven torer å seie i høgt at vi må ha regn no når fellesferien startar? Ikkje her på hjorundfjord.no i allefall, for kjem fyrst regnet så kan vi risikere at vi får ei like lang regnvèrsbolk som vi har hatt godvèr, og då kan den som står fram med slike ynskje få gjennomgå.:) Det er nok meldt regnvèr dei neste dagane, så dette må nok meterologane ta ansvaret for.

Men vi gler oss over fineveret vi har hatt og laurdagskvelden var nok ein av dei beste sommarkveldar vi kan få oppleve her på våre kantar.