Underteikna fekk første samekniven som 9 - åring.  Den var laga av Isak Strømeng (namnet står gjerne på slira) i Karasjok.  Det er nok den personen/det firmaet som har laga flesteparten av sameknivane som hjørundfjordingane har, men litt lenger borte i vegen, ikkje langt frå sølvsmia til Juhls i Kautokeino, er der ein knivsmed som heiter Josef Per Buljo...

Isak Strømeng i Karasjok lagar heilt sikkert svært gode knivar, men det likevel kjekkast å handle med knivsmeden/knivlagaren sjølv.  Difor var det naturleg å stoppe ved den nemnde Josef Per Buljo.  Han driv firmaet Samekniv.

Buljo var ein svært triveleg knivsmed.  Han fekk med ein gong god kontakt med Jakob og sjølvsagt måtte sistnemnde få oppfylt ynskjet om å få den tradisjonelle kniven.

P1010232 (Large)

Jakob med den nye samekniven sin.  JosefPer Buljo lagar dei i alle storleikar.

Buljo var klar på kva for kniv Jakob skulle ha.  Nei, han skulle ikkje ha den minste, heller ikkje den største, men den nest største var akkurat passe.  Den kniven kunne også brukast til lettare hogging.

P1010231 (Large)

Namnet til produsenten står utanpå slira.  Og no har Buljo også svidd inn namnet til eigaren.

Josef Per Buljo importerer knivstålet, men han understrekar at stålet ikkje er for hardt.  Difor skal kniven vere god å slipe.  Knivskaftet lagar han av bjørk og slira er laga av oksehud.  Rundt overgangen mellom kniv og skaft, er det massing.  Massing har ei spesiell tyding i samisk kultur.

No var Buljo ein så triveleg kar at vi også var innom han då vi var på veg heim - vi fekk kjøpe eit tørka reinskinn av han.  Men vi kjøpte nok ikkje slik tromme som vart godt kjent då filmen "Veiviseren" var så populær for ein del år tilbake.

P1010233 (Large)

Denne tromma vart nok ikkje kjøpt...

Dersom du skulle lure på kva du skal kjøpe i gåve til ein eller annan så ring berre tlf. 78 48 62 84.  Den trivelege knivsmeden Josef Per Buljo har mange knivar på lager, pluss mykje meir...