Vi brukte Cruiseservice som flybåt til Ålesund- ein særs bekvem reisemåte. For alle som skal reise med fly ca 14oo frå Vigra korresponderer formiddagsbåten bra med flybussen. Litt ventetid i Ålesund, men det er berre kjekt.......

Sikkerheitskontrollane på flyplassane langtfrå like bekvem, eg trur vi tre Hjørundfjordingane såg særs mistenkelege ut, og vart tatt ut for ekstra sjekk på alle flyplassane. Heldigvis tok vi tre det med eit smil, sjølv om kontrollørane var svært alvorlege......

I Zoetermeer budde vi 4.0 m.u.h. Kult.... og vanskeleg å fatte. Viss demningane i Nederland ryker, vil denne delen av Nederland bli del av Norskehavet. Vi budde i eit roleg område gjennombora av masse små og store kanalar og vannvegar. 

 zoe-1   zoe-fugl

Leiligheita vår er i første etg mot høgre. Vi hadde "strandlinje", båt og masse fuglar å mate. Båten hadde el.motor, annan motor er forbode å bruke.

Etter å ha brukt ein dag på akklimatisering (vi måtte venje oss til regn igjen) og kartlesing vart vi turistar med bil. I øsande pøsande regn besøkte vi Kinderdeijk og prøvde å sjå på vindmøllene. Litt såg vi, men vart klissande våte. Nokre dagar seinare høyrde vi på nyhendene av fleire turistar var blit truffe av lyn nett der vi hadde gått. Grøss, slikt er vi ikkje vande med.  Men Kinderdeijk er eit vakkert område som Unesco har satt under sine vernevingar på same vis som Geirangerfjorden. Vi fekk og sjå koss moderne maskinar tatt over for vannmøllene og pumpar vatn i store mengder opp frå lågliggjande område om til større vassvegar. 

Kinderdeijk   Kinderdeijk 2

Seinare på kvelden dro vi på pannekakehus! I eit hus med halmtak og steingolv skulle vi ete store, store pannekaker.  Menyen gjorde valget vanskeleg, vi såg visst ut som nederlenderar og fekk meny på engelsk først til dessert. Uansett språk, å velge mellom 100 forskjellige pannekaker var eit utfordring:

pannekake1 pannekake2

Det vart pizzapannekake, sjokoladepannekake og pannekake med eple og kanel. Seinare turen smakte vi pannekake med ost/skinke og pannekake med is. Nam, nam, ......  

Neste dag reiste vi austover til Slagharen. Der hadde vi funne ein stor "Pretpark" med masse spannande aktivitetar. Iallfall på internett. Då vi kom fram regna det........ og det regna litt til for sola endeleg seira over himmelen.

slagharen-heis slagharen-berg

Vi bruker heisa til å skaffe oss oversikt, den tok oss fram til berg og dalbana. Ser du godt etter ser du Ollen og Silje heilt fremst i loopen. Hilde insisterte på å vere fotograf. Pystete....  Men etterkvart vart eg også modig, og alle tre rpvde "Fritt fall" frå svimlande 40m høgde! Tenk, hadde vi hatt ein slik park på Sæbø......

Morro og full fart vart avløyst av kultur i Amsterdam: vi kjørde kanalbåt, besøkte Anne Frank museum og Riksmuseum der vi m.a. såg Nattevakten. Åt pannekaker og hamburger, kjørte meir kanalbåt og vandra gjennom sentrale delar av Amsterdam før vi vende nasa heimover. Trøtte i beina og med våte paraplyar (ja, det regna). Seinare kjøpte vi ein film om Anne Frank og såg den saman. 

Etter fleire dagar med regn, vart første soldag tatt i mot med stor glede. Vi pakka badeklede i bilen og reiste vestover - mot badestranda på Scheveningen. (Rett nord for Haag).

 Sch-pir  Sch-sol

Badestranda er lang, og ulike soner er merka med store bilde - slik at ein lett skal finne tilbake til sin plass etter eit bad eller ein vandretur. Solsenger og vindskjermar er sjølsagt til leige for litt euro. Endeleg litt sydenliv....... og solfaktor 10 vart for lite.

Seinare vart det tid for samfunnsstudiar og vi besøkte dei store demningane mot sydvest. Deltademningane er eit kollossalt byggverk av demningar, stomflodsportar og sluser utvikla mellom 1958 og 1997. Systemet skal verne landet innanfor mot havet og faren for flom.  Kystlinja er korta inn med ca 700 km, og bak demningane er det etablert eit rikt fiske- og dyreliv samt svært gode surfe- og seglsportsområde (Kjelde: Turen går til Holland). 

NJ-1

Denne dagen var det eit skrekkeleg torever då vi reiste, og vi opplevde skybrot og fantastiske lyn. Men ute ved kysten fant vi sola......... 

Nederlendarane er og dyktige på å lage dyrehagar, og vi besøkte Bleidorp Zoo ved Rotterdam. Silje var spent på å sjå gorillar, men dei var innestengt! Vi fekk vite at den store gorillane hadde klart å hoppe over ein 4m brei vollgrav og fanga ei turistdame (som hadde utfordra han ved å stirre han i augene). No bygde dei eit sikrare uteområde. Men vi fekk sjå gorillane innomhus. I tillegg besøkte vi akvariet med gopler, haiar, murener, reker m.m. Store område var skapt om til Asia (tiger!), Afrika (løve!), Amerika og Europa. Kvar stad hadde sine kafear bygd opp rundt temaet både i utsjånad og matutval.

hai  akvariet

Hai! heldigvis ikkje levande.                              I sjøtunnellen, med ekte hai over oss.  

tiger præriehund

Tiger!                                                                     Vi matar præriehund med gras.  

Vegen heim la vi om sjømannskirka i Rotterdam. Der kom vi i rett tid til middag, og fekk pølse og brød, kaffe og vafler. Og trur du ikkje sjømannpresten har ein onkel med hytte på Sæbø, ei hytte der ho har vore fleire somrar som barn. Verda er lita..... 

sjømannskirka

Sjømannskirka i Rotterdam - der pappa Ollen, farfar Johan har vore fleire gongar i sjømannskarriera. Etterkvart kanskje også eit mål for storebror Håvard.

Resten av ferien gjekk med til bybesøk (Leiden og Delft) samt nok ein soltur til Scheveningen. Også denne gongen var faktor 10 for lite, men vi vart veldig brune.

Etter 12 dagar reiste vi heim, mange erfaringar rikare. For eksemple har vi ikkje nemnt at pommes frites serverast med mange typer topping: majones (som har meir eddiksmak enn vår), spesial (majones+ kethup+hakka løk, currykethup, varmt peanøttsmør osv).  I tillegg fiskar "alle" nederlendarar. Dei kan sitje i timesvis på spesialstolar under spesialstolar og vente på napp. Nokre er så proffe at stengene har "nappealarm". Men ferskfisk et dei ikkje, han fungerer meir som trofe. Sjøfisk et dei gjerne, helst frityrstekt. 

På vegen heim helsa vi på Andre og Gry Erni som ba oss helse til alle kjende på Sæbø.

Erni jr   Erni sr

Blide gutar helsar nordover.                            Andre og Gry helsar og.           

Elles vil vi takke Andre og Sonja som lånte oss hus, bil og båt. Henk som kjørde oss til Schipol då vi skulle heim, Kenneth som skyssa oss frå Moa til Solevågen då vi kom seint til siste buss heim og Johan som henta oss siste strekket heim.

Ferien var god, men endra betre var det å kome heim.                                       

Helsing Hilde, Ollen og Silje.