Eg måtte stå opp tidleg om morgenen, noko som ikkje er heilt vanleg no i sommarferien. Pappa inviterte farmor til å vere med og det var kjekt synest eg, for ho fortel mykje.

Vi måtte rekke båten 10.50, men den var litt forseinka og han som skulle opne landgangen til båten hadde litt problem med å få den opp. Til slutt kom båtføraren å gjorde det, og sa ”Det e berre å vri den litt”, så kom vi oss ombord sette oss til rette oppe, og båten gjekk frå Sæbø i ei god fart.

 IMG_5034IMG_5041
Her fer vi frå Sæbø i ei god fart.

Her er matros Leif Hoff som kontrollerar mens passasjeren ventar på å gå om bord på Cristian Gaard på Trandal.

Men då vi kom oss på fjorden, var der noken passasjerar som lurte på kvar Skår var, eg fortalte dei det og fortalte litt kva andre plassane heitte. Men so når vi nærma oss Trandal då skjedde det noko,- motorane stoppa fordi kapteinen hadde kjørt motorane på fullt. Det hadde vore maskinproblem tidlegare på turen og båten hadde problem med å halde ruta og tolte dei ikkje så hard køyring.Men kapteinen var ein roleg kar og véret var det beste, så  motorane kom fort i gang igjen, og vi kom oss til Trandal.Her var det ein passasjer som skulle om bord. Kapteinen syns at det var vanskeleg å legge til kai, når han hadde berre ein motor i gong, og han gjekk med båten på utsida som vanleg og køyrde  baugen inni ein fender.

Sidan babord(Høgre) motor var i ustand, gjekk vi berre med 12 knop (36 km/t) båten går med 30 knop til vanlig (90 km/t), men turen var komfortabel allikevel og då for vi forbi ein god del gardar langs fjorden,Nes, Molaupen, Skarbøen…

Matrosen begynte å servere kaffi og informerte oss om at vi måtte følge maxi-taxi til Dronning Sonjas plass. Men da vi la til på Frionorkaia på Kvassneset var det ikkje så lett å komme seg på land, vi måtte gå opp på baugen så opp på ei trapp og klatre siste stykke opp på kaia.

IMG_5084
 IMG_5087

Her diskuterer eg litt båt med båtførar Otto Gjethammer mens han styrer inn mot Vegsund

Her gjekk vi på land på Kvassneset, på Frionorkaia

 

 

Vi venta litt før maxi-taxien kom. Etter ei stund kom han og vi sette oss inni og sjåføren køyrde oss til Dronning Sonjas plass i Ålesund sentrum. Vi såg vi oss litt rundt og ho farmor ville ha seg litt mat, så vi fann oss ein plass å ete. Då gjekk vi bortover gatene for å finne ein kàfe, såg vi hurtigbåten ”Lauperen” som låg til kai, eg sprang bort til den for å sjå på den, ein stor båt altså! Så fann vi eit gatekjøken med råd å sitje ute, så vi bestilte oss mat der.

 IMG_5088IMG_5092
 Bortom her ser du M/S Lauparen. Her kjøpte vi mat.

Ei stund etter vi hadde ete frå oss, gjekk eg og pappa bortover mot hurtigrutekaia, men der var avsperra, så vi gjekk opp på parkeringplassen på taket av lageret og då såg vi at der låg ein ny båt som skulle sendast og anna gods på kaia. Etterpå gjekk vi bortover mot Ålesunds indre havn og då såg vi at sightseeingbåten ”Keiser Willhelm” som gjekk innover. Deretter gjekk vi bort til kàfeen igjen og fekk med farmor og mamma med for å sjå på cruiseskipet ”Rhapsody” som låg til kai. Vi gjekk oppgjennom Kongens gate etterpå og fekk sjå nokre fine hus og ei statue av ein avisgut som selde Sunnmørsposten.

 IMG_5096IMG_5100
 Her er eg opp på parkeringsplassen. Opp på fjellet ser du fjellstua. Ut mot Ålesunds indre havn.
 IMG_5104 IMG_5103
 Her er vi i Kongens gate. ”Gi me five avisgut!”.
IMG_5108 IMG_5109

 Her er baksida av skipet. På skiltet står der tydeleg ADGANG FORBUDT.

 Her er framsida av skipet der folk går ut frå skipet.

Skipet vi såg heite ”Rhapsody” og er eigd av MSC Cruises A/S. Skipet er bygd av Burmeister & Wain, Köpenhamn, Danmark, 1975. og heite ”Cunard Conquest” men blei omdøpt til Cunard Princess ved levering til Cunard. Skipet blei solgt til Starlauro Cruises A/S i 1995, skipet blei solgt seinare på året til Mediterranean Shipping Co (MSC) og vart i 2001 solgt til MSC Cruises. Skipet er 163 m. lang, 22 m. breid og 8 m. djuptgåande. og kan ta 947 gjestar.

Her er ei faktaside om skipet Fakta Om Fartyg. Og her er heimesida MSC Cruises.

IMG_5110
IMG_5113

Her kjem sightseeingbåten ”Keiser Willhelm” ved siden av cruiseskipet

 Vi stilte oss opp på Dronning Sonjas plass og venta på ”Nordic Sky”

Då vi såg på cruiseskipet, kom ”Keiser Willhelm” og like etter kom ein fritidsbåt. Tida gjekk så vi måtte tilbake og finne mamma og farmor så vi stilte oss opp på Dronning Sonjas plass og såg etter ”Nordic Sky”, men istadan for båten, såg vi til vår skuffelse at maxi-taxien kom og skulle hente oss. Vi gjekk inni, men då vi kom inni fekk sjåføren beskjed med ein sjef frå Cruise Service AS at båten ikkje gjekk frå Vegsundet før i 3 tida, og han skulle berre ta oss med på sightseeing i byen. Sjåføren køyrde rundt og fortalde om når byen brann og at det vart bygd oppatt med over 700 hus. Ålesund har alle tider vore ein klippfiskby, og når skip fra Spania kom for å hente fisken, hadde skipa med seg jord som ballast. I Ålesund var her behov for molda på land og det er årsaka til dei mange utenlanske plantene som ikkje voks her naturleg. Videre fortalte han om branngatene som var slik at på venstre side av gata var der berre trehus og på andre sida var der berre murhus. Viss der vart brann, så skulle ikkje høgre sida brenne, genialt?

Så køyrde han oss til Vegsundet, og til våre store forbauselse låg M/S Hjørundfjord der! Då sa han pappa ”Måtte de heilt inni i Hjørundfjorden for å hente hjelp!!”. først var eg litt skuffa for at vi ikkje fekk ”Nordic Sky”, men det gjekk fort over. Vi var 13 om bord  og ein passasjer skulle til Hundeidvika, ein til Trandal, tre til Cristian Gaard

 IMG_5114IMG_5117

 Ut frå Hundeidvika…

 …inn til Trandal

 IMG_5120 IMG_5121

 Og utatt…

 Ut på luftetur

 IMG_5122 IMG_5123

 …til Cristian Gaard.

 Og på Sæbø møtte vi kjentfolk.

Då vi gjekk inn til Sæbø sto eg på baugen og speida innover og såg kor fint Oddvar la til kai. Vi gjekk på land og der traff vi kjentfolk og broren min Roy Magne, var der også, og vi prata med dei. Vi for heim rundt 4 tida, eg hadde hatt ein flott tur, men det var berre dumt at han skulle få motorproblem når vi skulle vere med, men ellers hadde eg eg grei tur. ”Nordic Sky” ligg no til verksted og får reparert dataen om bord. Dataen er sendt til Sverige for reperarasjon og dei hadde ikkje funne noko årsak seint i dag, sa Per Olav Moldvær til pappa. Dette var beklageleg sa han, og i dag gjekk Nordic Lady ruta, og hadde rekordmange passasjerar til Geiranger turen. Årsaka til at vi ikkje kunne få Nordic Lady i går, var at den var oppteken i Geiranger.

Sjå heimesida til Cruiseservice