Vi hadde fått peika ut tre gode fiskevatn på kartet.  Det var heller ikkje for langt og gå, ca. 2 km. Pappa hadde med seg kamera og skulle ta bilde av alle blomstrane han såg. Vi måtte også stoppe for å sjå på kartet.  Det er ikkje heilt bra å gå seg vill på Finnmarksvidda, men var nok ingen fare for det på denne turen.

 

Då vi kom opp på ein bakketopp såg vi seks vatn.  Vi såg på kartet og fann ut kva for vatn som var kryssa av. Det var dei tre minste. Vi gjekk litt lengre ned, sette saman fiskestengene og skrudde på snellene.  Val av sluk er viktig  -  ein oransje Panter Martin spinnar vart sett på. Vi hadde fått tips om denne sluken så valet var heller lett.

 

Før vi gjekk ned til vatnet måtte vi sjølvsagt ha sjokolade og pappa hadde ordna med det dvs. sjokolade i massevis. Eg nærast sprang ned til vatnet. Då vi kom ned til vatna blei eg litt overraska over at vatna var så grunne og når eg ikkje fekk fisk på femten kast blei eg usikker. Men der var i alle høve eit rikt fugleliv.  Fleire Heiloar flaug rundt hovuda våre.  

P1010141

Heiloen klaga sterkt.  han likte ikkje at vi fiska ved vatna hans.

Men det viktigaste var å få fisk på kroken.Vi gjekk difor ned til to større vatn.  Her hoppa fisken og eg blei spent. På det første kastet beit det på ein fin steikefisk. Eg gjekk litt lengre ut på eit nes.

P1010161 (Large) 

Eg gjekk litt lenger ut på eit nes...

 

Då eg skulle kaste,  ante eg ikkje at dette kastet skulle bringe meg den største ørreten eg  kunne tenke meg. Eg kasta og straks beit det på eit svært beist av ein fisk! Eg blei litt stum dei første tre sekunda, men då eg hadde komt til meg sjølv, skreik eg etter pappa.  Pappa kom springande. Fisken plaska og plaska og stanga bøygde seg til det maksimale, no kunne eg sjå fisken i vatnet. Eg vart livredd for og miste den. Eg fekk den inn til land, men plutselig sleit sena. men då var pappa der og heiv fisken på land.  Eg trur denne fisken er noko av det beste som har skjedd meg og eg vart heilt skjelven i kroppen. Fisken blei tatt på ein oransje Panter Martin. Og vekta?  Knapt 0.8 kg.

P1010157 (Large)

Ørreten kom velberga til land - til slutt.

P1010164 (Large)

Rein på ein snøbre i bakgrunnen mens eg fiskar.

 Det var ikkje berre på dette vatnet at vi fiska. Vi fiska frå båt på eit større vatn. Her brukte vi ein litt utradisjonell metode, det såg nærmast ut som juletrepynt på ei fiskestong.. Det var ein fortaum med fem store spinnerblad festa med jamne mellomrom.  Fremst på fortaumen var det ein vanleg fiskekrok/ongel.  Makk vart brukt til agn. Denne metoden virka kjempegodt! Einaste minuset er at det er veldig vanskeleg og kjenne når fisken bit. ”Juletrepynten” slepar ein etter båten medan ein annen ror. Eg fekk mykje fisk på dette, både røye og ørret. 

P1010131 (Large)  

Ein fin - om ikkje så stor ørret.  Denne fekk eg på "juletrepynten" min frå båt på Leirbotnvann.

P1010173 (Large)

Her er ein del mygg på capsen min på heimturen frå fiskevatna.  Men det var knotten som beit mest.