Hei, hjorundfjordportalen sine brukarar.

Vi er no snart klar med den nye portalen og det står att ein del feilsøking. Den nye portalen vert mykje lik den gamle, men meir avansert så det er større rom for tilpasning og utvikling. Der vert diskusjonsforum, meir brukarvenleg for å legge inn artiklar og nyhende med moglegheit for mellomlager(du kan lagre å lese det igjennom seinare, før det går på lufta). Så skal den nye portalen verte meir eit oppslagsverk for turistar og andre som vil orientere seg om tilboda dei finn her.Meir oversikteleg biledgalleri.

Vi la ut nyhende om den nyfødde Stokkeguten sist laurdag, og det har vore suksess.  Dette er nyhende som det  ikkje skulle være rom for noko slags misbruk, så her kan det være fritt fram for kommentar og alle kan få høve legge ut nyhende her.
Er dette å skrive ei kort nyhende med eit par bilete og mål og vekt om nyfødde eit ynskje? Eller skal det være ei eiga spalte?

I andre nyhende kan ein velge no i den nye portalen om ein vil ha kommentarar. Men det store spørsmålet er om vi skal skrive om nyhende i det heile. I jula var her ein stor diskusjon om dette og resultatet var at vi meinte at portalen var ikkje moden for denslags ennå, og i såfall må alle nyhende innom ein redaksjon før det gå ut på nettet, og det vert omfattande.
Har det skjedd noko endring no, og er det eit ynskje frå brukarane om nyheitssaker? Vi ser at nyheitsstoff der folk får lese om kva som skjer i lokalsamfunnet er godt besøkt. Men kvar skal grensa gå om kva vi skal skrive om?


Er det ynskjeleg om vi skal skrive andre hendingar som dødsfall, bursdagar, minneord og omtale om personar på runde dagar?

Gjesteboka har vore nokså lite brukt og anonym. Kva kan vi gjere her for å få den meir fram?

Etter ein artikkel eller ei nyhende er utlagd kor lang angrefrist skal her være for at utleggar skal få slette. Så snart der er ein kommentar, så eig ikkje den som legg ut dette åleine lenger, skal vi då ta vekk mogleheita for å slette for den som legg ut og overlate det til administrator å ta stilling til sletting?

Den nye portalen vil koste oss ein del og dette må vi kunne tjene inn på eit eller anna vis. Skal vi ha reklame og annonser eller skal vi innføre eit eller anna form for brukarbetaling. Portalen er komen for å bli, men einkvan må ha arbeidet med å drifte og det kan ikkje gå på dugnad i alle år. Kjøp og sal skal utviklast så her kan vi kanskje ta inn ein provisjon

Kom med forslag og spørsmål så skal vi svare her så godt som vi kan. Tor Eirik er på i kveld så er det noko teknisk, så svarer han på det meste.

Ivar Svein Mo