G16: Sæbø vs. Brønnøysund
Det vart ein sjansefattig kamp på bane 17 på ekeberg. Begge laga virka lite lystne på å sleppe inn mål og det vart meir sporadiske forsøk mot mål. Sæbø hadde nokre skotforsøk og Øystein Dimitri Urke rydda greit opp det som kom mot sæbømålet.
0-0 til pause var eit greit resultat.

Andre omgang var mykje det samme, to gjerrige lag på bana. Men første mål kom på ein corner der ein brønnøysundspelar kom seg fri og fekk sette ballen i mål til 1-0. Sæbø ga seg ikkje etter skoringa, men nokre kjempejansar hadde dei ikkje, sjølv om der var eindel skumle skotforsøk frå rundt 7meteren til brønnøysundkeeperen. Men Brønnøysund var også farleg frammpå og fekk eit frispark i veldig farleg posisjon. Sæbøkeeperen blei avblåst for å ha redda med hendene utanfor 7meteren, ei avgjerdsle som vart omdiskutert då dommaren verka som dei einaste som meinte det. Sæbøkeeperen fekk også gult kort. Frisparket vart sett i mål til 2-0. Sæbø hadde nokre muligheiteer til å skore i sluttminutta, men greidde ikkj eå få ballen over streken.

Det vart altså døballane som avgjorde mot Sæbø i dag. Men både lagleiarane og supporterane var ikkje so altfor skuffa etter kampen. Gutane leverte ein god kamp og går no til kvartfinala i B-sluttspelet etter walkover.

J16: Sæbø vs Giv akt/Spangereid
Jentene møtte Giv akt for å avgjerde kven som vann pulja, der vinnaren fekk den enklaste vegen vidare. Kampen var minst like tett som gutane sin kamp. Det var to lag som verkelig ville vinne og det var ingen lag som kom til dei heilt store sjansane før Malene Aambakk kopierte Tore Andre Flo sitt 1-1 mål i Marseille i 1998. 1-0 til Sæbø. Men Giv akt gav ikkje opp og spelet bølga fram og tilbake uten at nokon av laga kom til dei heilt store sjansane. Like før pause kom utlikninga, ein gGiv akt spelar kom seg fri og sette ballen i mål heilt nede ved stolperota frå 9 meters hald. 1-1 var pauseresultatet i ein jamn kamp der Sæbø kanskje hadde eit lite overtak.

Andreomgang byrja i samme sporet som den første, men so starta Sæbø kjøret. Eit nydelig angrep endte i ein megasjanse då eit inlegg nådde ein sæbøspelar like foran mål, men giv akt keeperen klarte sovidt å nå tak i sæbøavslutninga. So var Sæbø nære på på eit frispark, før Malene vendte vekk forsvaret og kom til ein god sjanse. Men Giv akt keeperen stod godt. Giv akt hadde også sine sjanser, blant anna eit inlegg som gjekk i ein sæbøforsvarar og i stolpen! Begga lag var nærme i sluttminitta, men det enda 1-1. Eit resultat som gjorde Sæbø til puljevinnarar og dei er dermed klar for A-sluttspelet.