J16: Sæbø vs. Lesja/lesjaskog
Jentekampen byrja 11.15 på søndag mot Lesja/Lesjaskog. Sæbø kom bakpå allereide etter 5 minutt. Målet kom på ei kontring. Men når sæbøjentene fekk roa seg litt etter ein nervøs start slo dei tilbake. Else Marie Stokke satte ein retur frå keeper i mål og Sæbø kunne gå til pause på stillinga 1-1.

Kampen var heilt åpen, men Sæbø starta best etter pause og tilslutt blei det mål av presset. Malene Åmbakk kom inn frå høgre, runda keeper og satte ballen i mål. Lesja gav ikkje opp og utlikninga kom. Sæbøspelerane såg noko usikre ut i då ein lesjaspeler fekk stå aleine å heade inn ein corner. Det var duka for ei thrilleravslutning. Men med 5 minutt igjen kom avgjerdsla. Malene satte ein innlegg frå Katrine Brekke i mål.

Det var ein hard kamp, der spesielt Malene fekk hard medfart frå stygtspelande Lesjajenter. Men sæbøjentene sto imot og jobba steinhardt heile kampen.


G16: Sæbø vs. Antazave
Gutane opna mot Antazave frå Latvia. Kampen start med at Sæbø pressa sine motstandera og kom til fleire store sjansa. Men mål vart det ikkje før laget frå Latvia kom med ei hjelpande hand – bokstaveleg talt. Keeper fista eii innlegg vidare i feltet og ein av Antazaveforsvarerane plukka ned ballen med hendene. Straffa sette Jakob Hauge Moe sikkert i mål. 1-0. Sæbø pressa stort sett heile første omgang, men likvele kom utlikninga. Eit longskudd traff ei tue, like foran Sæbøkeeper Øystein Dimitri Urke, endra retning og gjekk i mål. 1-1. Men Sæbø svarte umiddelbart og det første angrepet endte med at Andre Mo sette ballen i mål frå høgre. 2-1 var pauseresultatet.

Sæbø var overlegne og starta også best i andreomgang. Men ballen ville ikkje inn. I staden gjekk Antazave på eit av sine ytterst få angrep og laga 2-2. So byrja presset for siger, men Antazave heldt unna og laga stor spenning i kampen. Men like før slutt kom sigersmålet. Truls Ivar Knarvik fekk til ei god avslutning og keeper måtte gi retur. Jon Martin Mo nådde Ballen først. 3-2. So kom nokre nervepirrande sluttminutt før Sæbø Endeleg kunne sleppe jubelen laus.